Lokal | 15. mars 2012

Vanskeleg å få svar

Brukerundersøkingar på pleie- og omsorgsområdet gav gode resultat, men låg svarprosent.

Vanskeleg å få svar
Martha Lunde Pedersen presenterte resultata frå brukerundersøkinga for politikerane i tenesteutvalet onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 15. mars 2012 09:41

Då tenesteutvalet onsdag fekk presentert resultata frå brukerundersøkingane i ergo- og fysioterapitenesta og i psykiske helsetenester og bufellesskapa var det gode resultat dei fekk presentert, men diverre med låg svarprosent.

- Vi fekk 46 svar på dei 186 skjemane vi sendte ut. Ein svarprosent på berre 25 tykkjer vi er litt lite, forklarte Martha Lunde Pedersen, leiar for rehabiliteringstenesta i Os kommune.

Då dei gjennomførde undersøkinga for to år sidan hadde dei til samanlikning 39% svar. Heller ikkje tenestene for psykisk helsetenester og bufellesskap var nøgd med responsen på sine undersøkingar. Berre 30% av dei 128 brukerane som fekk tilsendt undersøkinga svarte.

- Vi bør nok sjå på metoden vi nyttar i undersøkingane, konkluderte Olaug Steen, fagleiar for psykisk helsetenester.

Gode resultat

Sjølv om deltakinga var noko låg var resultata gode.

Ergo- og fysioterapitenesta fekk ein gjennomsnittleg skår på 5,0 (5,2 er landssnittet på ein skala frå 1-6), medan psykisk helsetenester skåra 3,07 (mot 3,26 i landsgjennomsnittet på ein skala frå 1-4).

Undersøkingane visar at det jobbast godt i dei to tenestene, men at det framleis er ting å ta tak i. Spesielt knytta opp mot informasjon til brukerane kor båe einingane ikkje var nøgd med resultata.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.