Lokal | 25. apr. 2017

Vanskeleg å få time til pass: Får 20-30 telefonar om dagen

– Vi får ikkje plass til fleire av at folk ringer, seier Åsta Bakke-Mjelde ved Os lensmannskontor.

Vanskeleg å få time til pass: Får 20-30 telefonar om dagen
Åsta Bakke-Mjelde ved Os lensmannskontor. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. apr. 2017 12:34

Os lensmannskontor, og dei andre kontora i distriktet som tilbyr online timebestilling for kjøp av nytt pass, legg ut ledige timar 30 dagar fram.

11. april fortalte Os lensmannskontor om fullbooka 30 dagar fram. No har dei i tillegg ei utfordring med at telefonen kimer i eitt sett.

– Vi får 20-30 telefonar for dagen, og dette går ut over andre gjeremål, seier leiar for sivil avdeling ved Os lensmannskontor, Åsta Bakke-Mjelde.

– Ja, vi har ei utfordring, og det kan bli verre fram mot sommaren, når endå fleire skal ut og reisa. Men vi får ikkje fleire timar av at folk ringer. Enkelte er lite nøgde med ordninga, men den er det ikkje vi lokalt som har innført.

– Det er fortvilande å ikkje kunna hjelpa dei som ringer inn, men det er altså ingen grunn til å ringa heller, vi har berre dei timane vi har lagt ut.

Sjekk nett kvar dag

Det er fritt for andre, for eksempel folk frå Bergen, å bestilla time til pass på Os. Og det er fritt for osingar å køyra til for eksempel Bergen.

– Å hjelpa dei som vil ha pass er ei forvaltingsteneste, så kva kommune du kjem frå er ikkje relevant. Vi har fleire frå Bergen som kjem til Os, sånn var det også før timebestillinga var innført.

Dei som ikkje får time i Os må køyra til Fyllingsdalen, Askøy, Sotra eller Nordhordland, som er dei fire andre som har online timebestilling.

• Her er lenkje til timebestilling for å få nytt pass.

– Det blir lagt ut nye timar kvar dag, 30 dagar fram, så folk bør sjekka på nett kvar morgon. Fyllingsdalen er å anbefala, dei skal ha stor kapasitet. Men det byrjar å fyllast opp der òg.

– Etter saka vi la ut 11. april fekk vi tips om Fusa og Kvam, som ikkje har timebestilling, men drop-in. Kvifor er ikkje dei nemt som alternativ?

– Verken Fusa, Kvam eller nokre av dei andre kontora har fått tildelt ekstra ressursar til auka førespurnadar på pass, så eg kan ikkje gå ut med anbefaling om å bruka andre enn dei som har sett av tid til det.

– Kva om alt blir fylt opp? Folk må vel, innan rimeleg tid, få time?

– Om det blir endå større pågang framover så kan det føra til auka press sentralt, og at ulike kontor får ekstra ressursar så kapasiteten blir auka.

– Har den nye løysinga gjeve Os lensmannskontor auka kapasitet?

– Ser vi året under eitt, så gir vi no ut fleire pass, men i høgsesongen blir det færre enn før, då det var kø på kontoret.

Avdelinga har mange andre oppgåver, og skal no få betre tid til desse. Om telefonen sluttar å ringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.