Lokal | 19. apr. 2016

Våpna aksjon nær Os sentrum

Politiet rykte tungt ut etter ei bekymringsmelding frå ein bustad.

Våpna aksjon nær Os sentrum
Politiet rykte ut med innsatsleiar og to patruljer tysdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. apr. 2016 21:13

Klokka 20.42 tysdag kveld fekk Midtsiden tips om fleire politipatruljar på veg frå Bergen mot Os.

Så kom ulike meldingar om væpna styrker i eit område nær Os sentrum.

– Vi fekk ei bekymringsmelding som gjorde at vi sendte ut både innsatsleiar og to patruljer, fortel Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Ingen fysisk konfrontasjon

Politi med våpen og hjelmar omringa ein bustad.

Han dei såg etter var ute og gjekk, men kom heim i 21.45-tida.

Vedkomande stoppa og kom i samtale med Midtsidens utsendte før han gjekk opp til huset og møtte politiet.

– Det var ingen fysisk konfrontasjon i forkant av utrykkinga. Vi var heller ikkje uroa for at han hadde våpen, understreker Kolltveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.