Lokal | 01. feb. 2012

Var du her?

Politiet etterlyser no vitner i samband med drapssaka 1. nyttårsdag i to konkrete område i Os sentrum.

Var du her?
Politiet har sendt ut bilete med skraverte område dei no etterlyser vitner frå (foto: Politiet)
Andris Hamreonsdag 01. feb. 2012 11:39

Hordaland Politidistrikt sendte onsdag ut ei etterlysing etter fleire vitne i drapssaka 1. nyttårsdag.

- Vi etterlyser no vitner frå to bestemte område i Os sentrum, skriv informasjonsrådgjevar Gry Benedicte Halseth i meldinga.

Dei to områda dei no er spesielt interessert i er:

  • Område rundt kyrkjegarden avgrensa av Postvegen, Giskavollen og Byvegen
  • Område i og rundt Oshaugen, inklusive Gamleheimshagen frå Landboden til Utgjerde.

- Vi ber om at alle som var i desse områda første nyttårsdag mellom kl 1930 og 2300 tek kontakt med politiet.

- Det er viktig at alle som har vore i eitt av områda på desse tidspunkta tek kontakt uavhengig av om dei har observert noko eller ikkje, seier Halseth.

- Vi går no ut med denne etterlysinga fordi vi meiner det framleis finnest vitner som vi ikkje veit kven er.

Var du i desse områda kan du kontakte Os lensmannskontor på 56 30 39 00 eller politiet på 02800.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.