– Var du ute i går?
Dans i Dalen, evig-unge rockarar på Baronessen og stinn brakke og allsong på Hanne's.
16. mai er for mange synonymt med Brann-kamp og uteliv seinare på kvelden.
At 17. mai då kan bli litt ekstra tung, såg ikkje ut til å leggja noko dempar på stemninga for alle dei vi møtte i går kveld.
Roleg dans i Dalen
Klokka halv ti hadde det ikkje teke heilt av på Øvreeide Gard, men Runa Solberg og Tor Øvreeide hadde godt med is magen, og var sikre på at det ville komma meir folk etterkvart for å høyra på Johny Olsen Band.
I idylliske omgjevnader låg alt til rette for ein festkveld med live-musikk og dans.
God stemning hos Baronessen
Young Collection stod på plakaten hos Baronessen.
Dei evig-unge rockarane gjekk på scenen klokka 23, og sjølv det ikkje var stinn brakke, fekk publikum servert velspelte låtar frå Rolling Stones, via John Mayall til Beatles.
Young Collection hausta solid applaus og «det er dritbra» frå eit tydeleg musikk-interessert publikum.
Allsong og «Har du fyr» på Hanne's
På Hanne's kunne vaktane fortelja at det hadde vore godt med folk i fleire timar allereie.
Inne lokalet var det knapt ein stol ledig, og sjølv om praten og latteren til tider overdøva musikken, var det mange som song med Kurt, Erik og Anne Berit.
«Har du Fyr», gjort ekstra kjend med bandet Hekla Stålstrenga, vart møtt med allsong i lokalet.
Hæla' i parketten i Dalen
Ved midnatt hadde det skjedd ting på Øvreeide gard;
Runa Solberg kunne fortelja at det no var om lag 65 betalande gjestar på dansen.
– Vi har sjølvsagt plass til fleire, og vi held på til klokka 2, så det er berre kjekt om fleire tek turen inn her.
Inne i det oppvarma teltet serverte eit solid og tett Johny Olsen Band den eine dansbare låta etter den andre. Dette fekk det til å rykka i dansefoten til dei fleste, og på dansegolvet svinga festglade osingar seg inn i natta.