Næringsliv | 06. mars 2015

Var lei av å kjøra til by'n for å kjøpa mat

På to år har han opna seks sushirestaurantar. No vil Roger Johannessen bygga flaggskipet sitt på Osøyro.

Var lei av å kjøra til by'n for å kjøpa mat
Roger Johannessen (t.v.) opnar nye restaurantar så fort at iSushi har eigen byggeleiar, Gints Arins. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 06. mars 2015 08:41

Han er opprinneleg byggmeister, men har eit brennande gründerhjarte og har blant anna starta Ablegøyer, leikelandet som var på Fanatorget, og sju andre som Roger Johannessen starta rundt om i Noreg.

Då han ein ettermiddag var lei av å kjøra frå Åsane til Bergen for å kjøpa sushi til kona, og spurde på facebook om ikkje det burde vera ein sushirestaurant i Åsane, var responsen enorm.

Dei som kjenner han best kommenterte at «dette fiksar du, Roger». Og det gjorde han.

No vil Johannessen ta sushieventyret sitt til Os.

200 gjestar første dag

– Vi var ikkje førebudd på det som venta oss, verken kokken, dottera mi i kassen eller eg i frityren, fortel Roger om opningsdagen i Åsane for to år sidan.

Han visste at han måtte vera god på kvalitet, smak og hygiene, men lokalet ligg ikkje spesielt gunstig til.

Restauranten ligg i eit lite industriområde vis a vis gamle-Ikea. Men folk hadde ikkje problem med å finna den nye restauranten med dei japanske spesialitetane.

– Vi hadde 40 gjestar den første timen og totalt 200 første dag. Sidan har vi opna fem til i Bergen og bergensområdet. Det har gått veldig bra.

Ikkje berre rå fisk

Roger likte ikkje sushi då han bestemte seg for å opna restaurant. Trudde han.

– Sushi er mykje meir enn rå fisk. Vi har rå kveite, laks og tunfisk som ingrediensar i nokre av rettane.

På spørsmål om sushi er tingen for ei bygd som Os, eller om målgruppa er for liten, svarer han:

– Vi har også vårrullar, supper, krabbe, fritert andebryst, biff og kylling. Sushi er variert, smaksrikt og sunt, men det er ikkje berre fisk.

Kokkar frå Japan

I dag har iSushi avdeling i Åsane, Minde, Fyllingsdalen, Nesttun, Sandviken og Sandsli. Dei to siste opna i oktober i fjor og i februar i år.

– Vi har 72 tilsette no. Fleire av dei er frå Japan, Filippinene og Kina. Flaskehalsen har vore UDI. For at desse skal få arbeidsløyve må dei visa til både utdanning og over ti år med erfaring som kokk. I tillegg må dei ha ei form for godkjenning hos ein sushi-master i Japan.

– Dette med kvalitet har vore viktig frå første dag og vi har vore heldige som har fått inn erfarne japanske kokkar, ein av dei som overordna kjøkkensjef for avdelingane. Dei norske kokkane, som har grundig opplæring i norste styresmakter sine krav, er også viktige for oss.

Vil bygga forbilde-restaurant på Os

Johannessen har framleis gründergløden. Målsetnaden hans for iSushi er det heller ikkje noko i vegen for. På heimesida til den nye restaurantkjeden står allereie to andre fylke ramsa opp som avdelingar med teksten «kommer ...».

– Målet mitt er at iSushi skal bli like kjent og etablert som Peppes. Eg veit eg set meg høge mål, og du kan gjerne le, men dei ler ikkje mykje dei som lo av planane mine for to år sidan, seier Roger med eit lurt smil.

– Dei ler ikkje mykje kokkane mine heller. Eg har nettopp lovd dei litt fred og ro, og så går eg her og teiknar leigeavtale på Os, humrar han.

iSushi Os skal bli noko større enn dei han har frå før.

– Dei andre er basert på take-away, men med nokre sitjegrupper for dei som vil eta i restaurantane. Her på Os blir det annleis, her bygger vi frå null i eit stort og fint lokale mellom elva og hamna, her vil vi bygga den første versjonen av det vi vil ta med vidare ut i landet.

– Vi kjem ikkje til Os for å skumma pengar, vi etablerer oss for å tilføra noko. Om eg berre tenkte business kunne eg klart meg med 100 kvadratmeter, her har vi 300, seier han om lokalet Nordea leige i, rett ved Osbrua og Os gjestebrygge.

Godt rykte i by'n

Den viktigaste grunnen for at neste iSushi kjem til Os er Johannessen sitt inntrykk av leiinga i Os kommune.

– Os er ikkje berre ein spennande vekstkommune. Os har politikarar og administrasjon som viser vilje, ikkje motstand. Eg er vant med tungt byråkrati, men eg ha fleire kameratar som driv næring her frå før, og eg høyrer mykje fint.

– Det er vanskeleg å driva firma om du føler det offentlege jobbar mot deg. Os kommune har eit godt omdømme i Bergen, og for meg var det avgjerande, seier Roger Johannessen.

Opningsdatoen for iSushi er ikkje bestemt, men Johannessen røper at målet er å opna dørene ut mot hamna til sommaren.

– Men det er mykje som skal på plass. Dette er som sagt vårt nye utstillingsvindauge, så vi vil ta oss tid med både planlegging og innreiing.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.