Fotball | 30. apr. 2022

Var nær å ta sin første siger i ny divisjon

Vy sendte Os i 2-0-leiing over Klepp 2.

Var nær å ta sin første siger i ny divisjon
Vy Nguyen skåra to mål og gav Os 2-0-leiing. Her i duell på stillinga 2-3. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. apr. 2022 18:44

Os sitt damelag fekk tøffe motstandarar i dei to første serierundane, og tapte 0-8 og 2-8.

I dag tok dei imot Klepp 2, som landa på 9. plass av 12 lag i 2. divisjon avdeling 4 i fjor.

Os leia 1-0 til pause etter at Vy Nguyen i 18. minutt sette eit frispark frå over 35 meter oppunder tverrligger.

Så auka Vy til 2-0 etter assist av Ingeborg Ljostveit i 54. minutt.

Men Klepp 2 reduserte i 59. minutt og utlikna i 63. minutt.

Samtidig blei 1-2 til 2-2 i herrane sin bortekamp mot Grei i Oslo, men damelaget til Os klarte ikkje det same som gutane over fjellet, å dra sigeren heim.

Gjertrud kom til skot i sluttminutta, men skotet blei blokkert. (Foto: KVB)
Gjertrud kom til skot i sluttminutta, men skotet blei blokkert. (Foto: KVB)

I staden blei det upresise pasningar, uheldige brot imot og 2-3-tap.

Andrine Kvittingen fekk lagt eit fint innlegg i sluttminutta, Gjertrud Håvardstun kom til skot på tampen.

Men det blei ikkje fleire skåringar og dermed ingen poeng i dag heller.

Os - Klepp 2 2-3 (1-0)
Tropp og kampfakta på fotball.no

– Det var mykje bra i dag. Vi hadde god struktur i laget, bra kommunikasjon mellom spelarane og vi var brukbare på å flytta fram spelarar då vi hadde sjansen til å angripa.

– Men generelt var vi for lite tøffe spelar mot spelar, vi løpande ein del i mellom og, då vi blei slitne etter pause, forsvann også den gode kommunikasjonen, oppsummerer trenar Ørjan Sandal.

Mange av Os-spelarane er i 2003-årgangen og russ i år. På tribunen hadde dei ein fin heiagjeng. (Foto: KVB)
Mange av Os-spelarane er i 2003-årgangen og russ i år. På tribunen hadde dei ein fin heiagjeng. (Foto: KVB)

Os speler neste kamp borte 12. mai.

Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.