Vêret i Os | 28. des. 2023

Var stengt grunna kraftige vindkast

Kom i drift igjen klokka 05.30. Sånn blir vêret dei neste dagane.

Var stengt grunna kraftige vindkast
Ferja Flatøy til kai på Halhjem. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. des. 2023 08:49

Det var meldt kraftige vindkast natt til torsdag, og på kvelden blei fleire fjellovergangar og ferjesamband i Vestland stengt.

Torghatten Nord meldte klokka 00.12 om kansellering i sambandet Halhjem-Sandvikvåg frå klokka 01.40 grunna vêrforholda, men kom i drift igjen klokka 05.30.

I skrivande stund er det ope over Hemsedalsfjellet og Filefjell, men stengt over Hardangervidda og Hol-Aurland, ifølgje vegvesen.no/trafikk.

Samtidig er Bergensbanen hindra av snøras.

Meteorologisk institutt har i dag delt nokre vindkastmålingar frå natta.

Her er eit utval:

Folgefonna: 52,1 m/s
Kvamsøy (i Hardangerfjorden): 26,5 m/s
Haugesund lufthavn: 27,7 m/s
Lindesnes: 29,8 m/s

Det landa kram snø i Os i natt. Eikedalen fortel om 10 cm nysnø, men ventar til utpå dagen med å opna Tvillingtrekket grunna sterk vind på toppane.

Vindstyrken i Os skal løya frå 7-8 m/s til 5-6 m/s på kvelden. Fredag er det venta stille vêr.

Det er meldt 5-6 varmegradar og nokre regnbyger i dag og natt til fredag, men opphald frå fredag ettermiddag.

Laurdag er det venta lettskya, sol og svak vind.

Nyttårsaftan og første nyttårsdag ser det foreløpig ut til å bli kuling igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.