Politi | 11. aug. 2023

Var ufin med patruljen etter to klagar på feststøy

Har oppretta sak.

Var ufin med patruljen etter to klagar på feststøy
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. aug. 2023 09:08

Torsdag klokka 21.46 fekk politiet melding om støy frå ein bustad bustad nord for Os sentrum.

– Patrulje var ute på staden. Det blei gitt pålegg om ro fram til klokka 08 neste dag, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Klokka 23.02 fekk politiet melding om at det framleis var støy. Politiet reiste ut igjen til staden.

– Sak om brot på pålegg blei oppretta. Vedkomande som bur der, ein mann i 30-åra, var lite samarbeidsvillig og ufin med patruljen.

Mistenkte at uvedkomande var om bord i båt

Torsdag klokka 15.10 fekk politiet melding om fest og mogleg uvedkomande om bord i ein båt i Os gjestehamn.

Båten låg i ein del av gjestehamna som er nær Oseana og bustadane i Os Sjøfront, men har ikkje samanheng med seglbåten som politiet jakta på i går.

– Vi kontakta hamnevert for å finna ut kven som er eigar, så vedkomande kunne kontaktast.

Tok hand om rev

Litt før klokka 15 i går fekk politiet melding om at vilkontakt hadde tatt hand om ein rev som truleg hadde skabb.

Reven var utanfor ein bustad på Søfteland då viltkontakt blei varsla og rykte ut på oppdraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.