Lokal | 15. juni 2019

Var vitne til overfall midt i gata

– Offeret gjorde ikkje motstand, gjerningsmannen gav seg ikkje, fortel vitne.

Var vitne til overfall midt i gata
Politiet i samtale med vitne etter slåstkampen på Øyro i 12.30-tida i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 15. juni 2019 10:43

Fredag i 12.30-tida var det ein slåstkamp på Øyro. Vitne Midtsiden har snakka med skildrar episoden som gjentatte overfall.

– Eg såg i sidesynet at ein mann gjekk i bakken. Ein yngre mann hoppa på han gjentatte gangar, fortel ei kvinne som var gjest på restauranten Havnechefen.

Den vaksne mannen skal ha sett fysisk overlegen ut, men gjorde ikkje motstand. Også etter at han kom seg på beina og prøvde å summa seg, skal ungdomen ha halde fram med å angripa.

– Dei første sekunda trudde eg ikkje det eg såg, det såg ut som om dei tulla. Men så byrja nokre andre damer å hyla og ba han stoppa. Til slutt søkte offeret ly i restauranten mens gjerningspersonen stakk rundt hjørnet mot Brugata. Sjølv var eg på småbarnstreff med ei venninne, det var ei surrealistisk oppleving å sitja «ringside» til denne episoden.

Politiet var raskt på staden og fekk tatt med begge partar inn til avhøyr.

– Partane, ein tenåring og ein mann i 30-åra, har forklart seg ulikt. Det dei er samde om er at det var ein diskusjon i forkant, og at den eine har følgd etter den andre før slåstkampen starta, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Ungdomen er meldt for forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.