Lokal | 24. feb. 2012

Varetektsfengsla i fire veker

Den sikta 18-åringen blei fredag varetektsfengsla i fire veker.

Varetektsfengsla i fire veker
Forsvarar Rolf Knudsen ba om at klienten blei sett fri (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. feb. 2012 11:56

Nordhordland tingrett fann fredag grunnlag for å varetektsfengsle den sikta 18-åringen i fire veker, med brev-, besøk- og medieforbod like lenge.

Sikta sit isolert til 9. mars klokka 15. Men retten fann grunn til å gje han løyve til å ta imot besøk av mor og ein anna navngitt person, men då under kontroll av politiet.

Sikta tok betenkningstid.

Rettsforhandlingane blei haldne for lukka dører etter at tingrettdommar Berit Sangolt tok politiet si begjæring om dette til følgje.

Sikta sin advokat Rolf Knudsen støtta politiet sitt ønskje om lukka rettsmøte av hensyn til den alvorlege karakteren i saka og den unge alderen på hans klient.

Blant bevisa rettene la vekt på då dei kom til slutninga om å varetektsfengsla den sikta guten var at politiet har funne finger- og handavtrykk etter guten inne i den avdaude kvinna sitt husvære.

Hadde førebudd klienten

Rettsmøtet blei sett klokka 10 fredag formiddag då den sikta blei ført inn i retten av tre rettsbetjentar. Tilstades var omlag 25 journalistar og fotografar i tillegg til dommar, aktor, bistandsadvokat Beate Hamre som representerar familien til drapsofferet, forsvarar og den sikta sjølv.

- Eg trur han vil klare dette. Eg har prøvd å førebu han på det store medieoppbudet, fortalde Knudsen til Midtsiden før rettsmøtet blei sett.

Ungguten verka fatta, men prega av den alvorlege situasjonen han er i då han kom inn i rettsalen.

Knudsen ba i rettsmøtet om at klienten hans blei sett fri.

Han har vore gjennom to avhør med politiet sidan han blei pågripen tysdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.