Lokal | 18. des. 2012

Varetektsfengsla i jula

17-åring varetektsfengsla for vald og trugslar mot politi og barnevern, bruk av narkotika, vinning og bilkøyring i rusa tilstand.

Varetektsfengsla i jula
Nordhordland Tingrett (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 18. des. 2012 11:06

Nordhordland Tingrett handsama onsdag i førre veke politiets begjæring om varetekt av ein 17 år gamal gut frå Os fram til hovudforhandlingar i tingretten 2. januar 2013.

I retten ba guten om å bli lauslatt og sa seg villig til å vera på ein barnevernsinstitusjon fram til saka kjem opp.

- Han er tiltalt for gjentagande lovbrot som vinning, narkotikabruk- og besittelse og vald mot offentlege tenestenmenn, fortel politiførstebetjent Audun Hadler Olsen ved Os lensmannskontor.

Får truleg meir ein seks månader

I kjenninga frå tingretten kjem det fram at retten finn at guten kan mistenkast for straffbare handlingar som kan gje høgre straff enn seks månaders fengsel, nemleg overtreding av straffelovens § 127, § 128, § 227 og vegtrafikkloven.

Retten legg til grunn at guten har rusproblem og adferdsproblem ved grensesetting. Vidare bemerkar retten at det skal mykje til for å varetektsfengsla ein person under 18 år, og ikkje mindre ved at han må settast i varetekt i julehøgtida.

Fare for gjentaking

Likevel fant retten at varetektsfengsling var riktig, då faren for at guten ville begå nye straffbare handlingar som kan medføre høgre straff enn seks månader var tilstades. Retten peika då på vald og trugslar mot offentlege tenestemenn i politi og barnevern, misbruk av rusmidlar og ulovleg bilkøyring.

- Fengsling er då naudsynt for å beskytta sikta mot dei farar han utset seg sjølv for og for å beskytta politifolk og ansette i barnevernet, og mot at sikta fortset med slike ulovlege handlingar, skriv dommaren.

17 åringen blei varetektsfengsla til 2. januar 2013. Guten anka på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.