midtsiden

Variert hos YRiOs

Bildeserie: Galleri YRiOs vartar opp med ei variert juleutstilling når dei opnar dørane torsdag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Dei seks faste kunstnerane som nyttar visingssenteret som arbeidsplass har fått med seg ytterlegare sju kunstnarar frå Vestlandet og seks austlendingar når dei tordag klokka 18 opnar ei variert juleutstilling i Vindu mot Fjorden.

- Det er tredje gang vi inviterar til utstilling i tida fram mot jul, fortel Jarl-Hugo Låstad.

I fjor blei utstillinga opna med brask og bram når Låstad avduka eit bilete av trommeslagar Magne Lunde.

- I år har vi vald å roe det litt meir ned, men sjølve utstillinga er minst like god som førre året, reklamerar kunstnaren.

Tre lokale, tre frå Haugesund og ein frå Sotra

Til vanleg held Gro Fjelltvedt, Gunvor Kvittingen, Audhill Paus, Matthew Nash, Odd Olav Nøss, Borghild Bø og Jarl-Hugo Låstad hus i visningsenteret. I løpet av utstillinga vil nokre av kunstnerane halde fram med nye arbeider og anledninga kan by seg til å sjå verk under utvikling.

- I tillegg har vi fått med oss tre osingar i Alice Bigom, som til dagleg arbeidar i etasjen over oss. Eva Karin Skoge Låstad og Margunn Tveitnes.

- Kor Margunn har gøymt seg heile denne tida lurar eg på, for bileta hennar slo meg med det samen vi fekk dei inn dørene, fortel Låstad.

Førre helg stilte Låstad ut på Kiwanis-utstilling i Fjell. Der møtte han tre kunstnerar frå Haugesund.

- Eg ba dei legga seg på hjul når dei skulle heimover, og dermed enda nokre av bileta deira på veggen her.

Dei tre er Venche Høvring Kolltveit, Margrethe Høvring og Roald Tellnes.

Nerdrum-elevar i innerrommet

I det store visningssenteret har dei laga eit eige rom i midten som er via seks av elevane til ikkje heilt ukjende Odd Nerdrum.

- Med 35 arbeider har Bjørn Kjødnes, Geir Stahl, Harald Kolderup, Elisabeth Gyllensten, Trine Folmoe og Arne Borring okkupert veggane med sine fantastiske klassisk realistiske malerier, reklamerer Låstad.

Denne utstillinga er ein forsmak på den store utstillinga som kjem på Oseana i mai neste år.

- Det skal bli den største «klassisk realistiske» utstillinga med nolevande kunstnerar på Vestlandet, fortel Låstad som førebels ikkje vil seie så mykje meir om den utstillinga.

Juleutstillinga dekkjer sjangar som skulptur, tegning, maleri, grafikk, tekstil og foto. Utstillinga er open kvar torsdag til søndag frå 12 til 17.

Fleire saker