Kultur | 21. apr. 2012

Vårleg mannskonsert

VIDEO: Os mannskor varta opp med ein variert vårkonsert i Oseana fredag.

Andris Hamrelørdag 21. apr. 2012 07:29

For å feire våren inviterte Os mannskor til vårkonsert i foajeene fredag ettermiddag. Rammene kunne ikkje vore betre. Ute skinte sola medan tonane trilla som perler på ei snor innandørs.

Som gjestar hadde mannskoret denne gongen invitert med seg Bjørnefjorden Jazzensemble.

- Dette var utruleg kjekt.

- Mannskoret er dyktige med ein vakker klang og når det heile blei toppa med Bjørnefjorden Jazzensemble blei det berre fantastisk, sa ei av dei Midtsiden snakka med etter konserten.

Omlag 120 personar fann vegen til Oseana denne fredagskvelden.

Sjå klipp frå nokre av sangane mannskoret framførde i videoen nedanfor (3.06 min) (Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.