Kultur | 16. des. 2016

Varm julemorgon med Kongshaug

110 elevar ved Kongshaug Musikkgymnas gav osingane ein god og varm start på dagen med konsert i Os kyrkje.

Andris Hamrefredag 16. des. 2016 08:38

For mange har det blitt ein tradisjon å få med seg Kongshaug Musikkgymnas sin morgonkonsert i Os kyrkje før dei går på jobb ein fredag i desember.

Tradisjonen tru inviterte elevar og lærarar til konsert med kjente og kjære juletonar i det som er ei konsertrekke som kan ta pusten av dei fleste. Først morgonkonsert, før det går slag i slag utover dagen med konsertar for Nore Neset Ungdomsskule, Os Ungdomsskule og Os vidaregåande skule.

– Dette har blitt ein tradisjon for oss å stå veldig tidleg opp ein fredag i desember. Elevane har øvd og gler seg. Eg håper de får ein fin liten time saman med oss, innleia dirigent Terje Kleppe den fjortande morgonkonserten til skulen.

På programmet sto songar frå dei vare «Det hev ei rose sprunge» og «Mitt hjerte alltid vanker» til meir rocka og gospelinspirerte «I pray on Christmas».

Laurdag blir det mogleg å oppleva eit utvida repertoar frå musikkgymnas-elevane når dei inviterer til konsert klokka 16 og 19.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.