Lokal | 24. juni 2012

Varm og fin feiring i Vikjo

VIDEO: Vêret blei betre enn det som var meldt og mange fann vegen til Mobergvikjo sankthansaftan.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. juni 2012 07:17

I dag er det St Hans, i går var det flott feiring av sankthansaftan i Mobergsvika.

Tradisjonen med feiring i Vikjo blei tatt opp igjen av Oseana i fjor, då var det rundt 1000 på felles feiring. I år var det meldt mykje regn, men meldingane blei betre, det gjorde vêret òg.

Oseana, Barnas Turlag Os og speidarane lagde til eit fin arrangement, med bål, felles grill, natursti, full scene og musikk av Os Spelemannslag og Os Durspelsamskipnad.

Brukte ny grillplass

I år var også sjølve Mobergsvika nyopprusta og klar til innrykk, med ny mur mellom bakkane og fjøra og ny grillplass, som fleire tok i bruk i går.

Familiefesten starta i 17-tida. Mellom 19.30 og klokka 20 byrja folk å trekka seg heimover, men fleire vaksne fann vegen til Oseana og dans med bandet Ohms Lov.

Feiring nærmaste laurdag?

Neste år er sankthansaftan på ein søndag, året etter på ein måndag. Men med denne form for fellesarrangement og så god oppslutnad er Os kommune/Oseana no i posisjon til å ta regien også på kva dato det skal feirast.

Kva med å laga feiring i Vikjo fredagen eller laurdagen nærmast 23. juni frå neste år?

VIDEO: Sjå stemninga i Vikjo sankthansaftan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.