Politikk | 26. juni 2019

Varm og verdig eldreomsorg i Bjørnafjorden kommune

Lesarinnlegg: – Kva er viktig for deg?

Varm og verdig eldreomsorg i Bjørnafjorden kommune
– Kva er viktig for deg spør Laila Reiertsen frå Frp i dette lesarinnlegget. (Foto: Midtsiden.no)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 26. juni 2019 07:24

Fremskrittspartiet har alltid hatt eldreomsorg som førsteprioritet. Vi prioriterer det viktigaste først.

I Os har vi dei siste tjue åra bygd ut sjukeheimsplassar i to rundar. Først 80 nye plassar på Luranetunet i 2001, og no 95 nye plassar i 2017. Ved siste rapportering har vi ikkje venteliste på sjukeheimsplass.

Vi garanterer einerom til alle som ønskjer det, men òg fleksibilitet når nokon ønskjer å bu saman.

Og vi kviler ikkje på lauvbæra, sjølv om Lurantunet og Tropehagen har blitt ein stor suksess. Planlegging for vidare utbygging av sjukeheimsplassar må få stort fokus også i Bjørnafjorden kommune. Vi må vera trygge på at me har full sjukeheimsdekning òg i framtida.

Vi er glade for at det blei lokalt fleirtal for forsøket med statleg finansiering av omsorgstenester (SIO) frå 2016. Vi har no avslutta den første 3-årsperioden i forsøket, men er allereie i gang med neste periode og då saman med Fusa. Dette prosjektet har vore gull verd for Os kommune, og spesielt eldreomsorga. Prosjektet har gjeve fleire titals millionar kroner i overskot for kommunen. Pengar som går til vidare finansiering av ulike omsorgstiltak. Tiltak som løftar eldreomsorga enda eit hakk.

SIO har gjort at fokuset på individuelle behov og brukarmedverknad er satt i system.

Kva er viktig for deg? Det er hovudspørsmålet. Akkurat i FrP si ånd.

Det må seiast at Os kommune hadde ei god eldreomsorg også før SIO. Takka vera eit godt utviklingsarbeid. samspel og samhandling på tvers. Og ikkje minst utruleg dyktige tilsette. Med høg kompetanse, samt myndiggjorte medarbeidarar i ulike prosessar.

Mange av våre innbyggarar ønskjer å bu heime lengst mogeleg. Difor er det òg viktig for FrP at den heimebaserte tenesta vert bygd ut i takt med behovet. Ein ser at førebygging er komen meir i fokus etter at ein starta med meir rehabilitering , både i opphald på institusjon og i heimen.

Demensteam er eit anna viktig tilbod for heimebuande demente. Men sjølv om dei fleste vil bu lengst mulig heima, må det ikkje vera slik at ein føler at det ikkje er balanse i kor grensa går for når ein føler seg meir trygg på ein sjukeheim enn i heimen. Då er det store spørsmålet som er avgjerande; - kva er viktig for deg?

Også dagsentertilbodet må utvidast når behova er til stades. Her skal vi ha gode og varierte tilbod på begge sider av fjorden. Og kanskje ønskjer ein å veksla litt mellom Fusa og Os? Kvifor ikkje? Det kan jo vera kjekt med ein ferjetur over fjorden for fleire.

FrP meiner av valfridom er viktig for enkeltindividet. Og valfridommen kan vi få meir av no når vi blir ein større kommune med fleire gode tilbod. No får vi til dømes to omsorgssenter i Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter. Og kanskje kjem det eit tredje senter i neste valperiode?

Bjørnafjorden FrP prioriterar det viktigaste først – godt val 9.september!

Laila Reiertsen
2. kandidat
Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.