Varm velkomst då gullgutane kom heim frå OL

– Dette var stort å koma heim til, seier Sverre Lunde Pedersen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ordførarar frå Os og Bergen, klubbkameratar frå Fana il, buekorps, familie, venar og eit stort pressekorps sto på Flesland då OL-heltane Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen kom heim frå Sør-Korea måndag kveld.

– Det har vore stort å sjå han på TV heime og i klubbhuset til Fana il. Vi har snakka mykje saman, men no skal det bli godt å sjå han, seier mamma og pappa Martha Lunde Pedersen og Jarle Pedersen.

– Vi diskuterte om vi skulle eta frukost mens vi såg 5000-meteren, men venta til etterpå. Då det blei medalje måtte vi spretta champagnen, frukosten blei sein den dagen, seier Jarle og ler.

Også Sverre si søster Sissel var på plass på Flesland saman med mann og born. Kultursjef i Os, Lisbeth Axelsen, reiste i samla flokk med fungerande ordførar Laila Marie Reiertsen, supporterane Brynjar Øvstedal, John Lepsøy og Arne Monsen, sistnemnde er fetter til Sindre Henriksen si mor, osingen Janneche Monsen.

Stolt veslebror

Frå Sindre sin familie var både mamma Janneche og veslebror Sigurd. Sigurd vann nyleg fire gull i skøyte-NM.

– Korleis er tiene dine i forhold til Sindre?

– Eg ligg rundt to sekund framfor han på 1500-meteren, og er også framfor på dei andre distansane, fortel Sigurd, som sjølv skal til uoffisielt EM i Heerenveen til helga.

– Var det vanskeleg for deg som er elev å følgja med på skøyteløpa i vekedagane?

– Mine lærarar hadde òg Sindre då han gjekk på ungdomsskulen, så det var ikkje problem å få sjå OL i skuletida. Heile klassen fekk med seg lagtempoen, det var knallgøy, seier Sigurd.

Flyet landa klokka 19.55, cirka 25 minutt bak skjema. To trøytte og glade OL-vinnarar kom ned trappa og tok seg god tid til pressen før dei fekk klem av sine nærmaste.

Vil markera medaljane heime i Os

– Dette kom brått på, sjølv om vi visste at det ville vera litt folk her. Det har vore ein lang tur og det var kjekt å koma heim til noko sånt. Eg har aldri vore med på liknande, dette set eg verkeleg pris på, seier Sverre til Midtsiden.

Han skal no ha nokre rolege dagar heime i Os før turen går til Heerenveen laurdag, for å førebu seg på VM neste helg. Så ventar verdscupavslutning i Minsk.

– Vi vil ha nok ei markering heime i Os når sesongen er over, seier ordførar Reiertsen.

Midtsiden sendte direkte via Facebook då Sverre og Sindre kom ned trappa til ankomsthallen, der supporterane hadde fått løyve til å koma inn for å ta imot gullvinnarane frå OL.

Fleire saker