Sport | 06. jan. 2020

Varm velkomst på Flesland

Eldsjela Brit Tungeland blei tatt godt imot då ho i går kom heim frå Idrettsgallaen på Hamar.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. jan. 2020 09:24

Bildeserie:

Diplomen som alle dei fem eldsjel-finalistane fekk. (Privat foto)
Diplomen som alle dei fem eldsjel-finalistane fekk. (Privat foto)
Brit har i fleire rundar takka entusiastane som har heia ho fram. (Privat foto)
Brit har i fleire rundar takka entusiastane som har heia ho fram. (Privat foto)
Fleire slengte seg med heiagjengen frå Os. (Privat foto)
Fleire slengte seg med heiagjengen frå Os. (Privat foto)
1 av 3

– Då ho fekk prisen, blei vi raskt einige, «vi må til Flesland»! fortel Elisabeth Nedrelid.

Ho er ein av dei som lagde fest i klubbhuset på Kuventræ under sendinga laurdag. Fleire av dei som var i klubbhuset, og nokre av dei som har så unge barn at dei heller sat heime i sofaen, var med til flyplassen.

– Det blei mange gledestårer laurdag kveld, og fleire nye søndag, både då vi såg reprisen og då vi fekk sjå Brit igjen.

Sjå bildeserie og les intervju med Brit etter gallaen

Andre som sto i ankomsthallen forsto fort kva som var på gang, og kven dei venta på.

– Vi hadde blant anna ein kar frå Gneist som såg ut til å trippa etter å vera med, så vi ønskte både han og fleire andre med i heiagjengen. Eg trur mange i fylket og resten av Idretts-Noreg gler seg over denne prisen og den fine prismottakaren.

Brit viste diplomen ho fekk i kulturhuset før gallaen i Hamar OL-amfi. Den flotte kuppelen av ein pokal skal ho ha med seg på trening. Etter nokre dagar fri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.