Varma opp til opning i Oselvo

Søndag kveld ved midnatt startar sesongen i Oselvo. Denne veka har fleire osingar varma opp med fin fangst i Namsen.

Ove Lyssand fekk den største laksen i reisefølgjet, med denne fine på 7,2 kilo. Til saman blei det sju laks. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juni 2015 12:43

Bildeserie:

Kveldskos ved Namnsen. (Privat foto)
Ove og Tor Åge Thuen med kvar sine fiskar. (Privat foto)
Denne karen var noko heldigare og fekk ein på 14,6 kilo. (Privat foto)
Kveldskos ved Namnsen. (Privat foto)
Ove og Tor Åge Thuen med kvar sine fiskar. (Privat foto)
1 av 3
Ove og Tor Åge Thuen med kvar sine fiskar. (Privat foto)
Denne karen var noko heldigare og fekk ein på 14,6 kilo. (Privat foto)
Kveldskos ved Namnsen. (Privat foto)

I dag er osingane Tor Åge Thuen, Erling Berge, Ove Lyssand og faren Oddvar på veg heim etter ein vellykka tur til Nord-Trøndelag.

– Tre av oss fekk fisk, til saman blei det sju laks frå 2,9 til 7,2 kilo, seier Ove, som tok den største av fiskane.

Mykje og stor fangst

Han fortel om ein svært god start i Namsen, der det skal ha vore tatt 5 tonn på dei 12 første dagane, og då har to dagar vore utan fiske grunna flaum.

– Vi helste blant anna på ein som hadde tatt ein laks på 14,6 kilo.

Ein annan stad i Namsen er eit følgje på sju, dei fleste frå Os, blant anna Dag Christensen og Bjørn «Bosse» Sigurjonsson.

– Vi besøkte dei i forgårs. Forholda var ikkje så gode der dei var, det var litt for mykje vatn. Men dei hadde fått ein laks på rundt 8 kilo.

Sesongopning med stor fisk i Os

Ved midnatt søndag kveld natt til måndag 15. juni opnar årets fiske i Oselvo.

– Eg har ikkje kort opningsnatta, men på dagen måndag, før eg tysdag reiser til Lærdalselva for å fiska med Kenneth Husebø, fortel Ove Lyssand.

Ein annan Ove, Ove Tumyr, er leiar for fiskeutvalet i Os Jakt og Fiskelag.

– Dei siste åra har vi hatt lite vatn på opningsnettene, men vassføringa i elva er perfekt sånn det er no. Sjølv om det ikkje skal koma noko særleg meir nedbør før opninga, trur eg det kan bli ei bra natt.

– Det går også rykte om mykje stor fisk. Enkelte har til og med mistanke om at noko laks har sumt feil, at det ser ut som Voss-laks som har gått opp.

– Det har gått opp ein del laks, ja, og noko av det er stor fisk. Men om den er så enormt stor er eg usikker på, det kjem vel litt an på auget som ser, ler Tumyr.

Sal av fiskekort på nett

Nytt i år er at salet av fiskekort no er på internett, og berre på nett.

– No kan fiskarane stå på Osbrua og sjekka kor tid det er ledig kort mens dei ser fisken går opp.

Informasjon og sal av fiskekort i Oselvo skjer no på denne sida på inatur.no.

– Salet på nett har fungert veldig bra ifølgje dei tilbakemeldingane eg har fått. Vi har også hatt veldig bra sal i år, seier Tumyr.

Heller ikkje han har fiskekort opningsnatta, men skal måndag på dagtid i den nye fiskehytta laget har bygd i sone 3.

Vil du lesa fleire saker om fiske?

Sjå Midtsiden si samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.