Lokal | 20. nov. 2018

Varmande gatekunst-suksess

Salsutstillinga til Vartun samla osingane om gatekunst - og kvarandre.

Varmande gatekunst-suksess
Gatekunst-prosjektet til Vartun samla mykje folk i Vognhallen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 20. nov. 2018 09:31

Bildeserie:

– Ikkje vindu mot jorden. Ordførar Søviknes hylla Vartun. (Foto: KOG)
– Ikkje vindu mot jorden. Ordførar Søviknes hylla Vartun. (Foto: KOG)
Utstillinga hadde godt sal. (Foto: KOG)
Utstillinga hadde godt sal. (Foto: KOG)
Marthe Valle sa dette var den perfekte spelejobben. (Foto: KOG)
Marthe Valle sa dette var den perfekte spelejobben. (Foto: KOG)
Dette skal til Vartun - laga av kunstnarane og deltakarane saman. (Foto: KOG)
Dette skal til Vartun - laga av kunstnarane og deltakarane saman. (Foto: KOG)
1 av 4
– Ikkje vindu mot jorden. Ordførar Søviknes hylla Vartun. (Foto: KOG)
Utstillinga hadde godt sal. (Foto: KOG)
Marthe Valle sa dette var den perfekte spelejobben. (Foto: KOG)
Dette skal til Vartun - laga av kunstnarane og deltakarane saman. (Foto: KOG)

Måndag klokka 18 skulle utstillinga opna - gatekunstprosjektet til Vartun oppfølgingssenter har vart i over ei veke.

Men det samla seg så mykje folk utanfor Vognhallen at arrangørane opna ti minutt før planlagt.

– Det var kaldt ute i går kveld, så vi ville sleppa dei inn i varmen.

Inne i varmen vart det kjapt tett med folk som ville sjå, og for mange, handla seg gatekunst.

Ikkje lenger vindu mot jorden

I si helsing frå kommunen var ordførar Terje Søviknes (Frp) tydeleg på Vartun oppfølgingssenter si rolle i Osbygda;

– Det resultatet vi ser her i kveld, og det arbeidet som vert gjort på Vartun, er heilt i tråd med begrepet livskvalitet for alle. Dette er er noko vi som kommune heile tida skal jobba for at gjeld alle som bur i Os.

– Då Vartun vart bygd var det mange som stussa over at vindauga peikte «feile vegen», inn mot fjellveggen. Etterkvart dukka begrepet «vindu mot jorden» opp, som eit ordspel på Vindu mot fjorden-prosjektet vi hadde ein annan plass i kommunen. Når vi står her i kveld, og ser resultatet av kva som vert gjort på Vartun, har Vartun befesta si stilling i Osbygda.

Varme helsingar og ein perfekt spelejobb

Dei tilsette ved Vartun gav sjefen sin, Arve Frostad, ei rørande helsing. Denne viste at gatekunstprosjektet hadde fleire lag med meining og verdi.

Publikum fekk òg høyra at fleire av kunstnarane hadde enda opp med å overnatta på Vartun, då dei vart så oppslukte i prosjektet at dei ikkje rakk heim om kvelden.

Artist og sjukepleiar Marthe Valle, sa i si innleiing at dette var den perfekte spelejobben for henne;

– Det er nøyaktig dette det handlar om for meg; dette prosjektet, lokalet vi er i no og settinga. Dette er ein drøyme-spelejobb!

Artikkelen held fram under videosnutten:

- View this post on Instagram

#osnettno Marthe Valle med minikonsert i Vognhallen under salsutstillinga til Vartun.

A post shared by Midtsiden.no (@midtsiden) on Nov 19, 2018 at 9:50am PST

Bra sal av proff og amatør

Einingsleiar på Vartun, Arve Frostad, er overvelda over responsen.

– Fullt lokale, veldig fine ord frå tilsette og ordførar og godt sal av maleri. Dette blei betre enn vi hadde våga å håpa på.

Frostad har ikkje eksakt tal på selte maleri og trykk, men seier det blei selt mange verk av både gatekunstnarane og det brukarane og dei tilsette hadde laga.

– AFK selte to, Tegson selte tre og proffane hadde til saman ein omsetnad på rundt 35.000 kroner. Det eine av bilda som blei selt på stille auksjon førte til bodrunde. Denne var det Emil som vann, så også deltakarane fekk noko å henga på veggen i går.

Arve kjøpte òg kunst frå utstillinga.

– Amatørane sin kunst gjekk via ein annan konto. Eg har ikkje oversikt over sum, men totalt blei det kanskje selt kunst for 50.000 i løpet av kvelden.

Overskotet går til Krux i Bergen, for deira arbeid med born og unge.

– Ei fantastisk veke

Vartun-prosjektet har ikkje berre resultert i ei flott utstilling, støtte til Krux og ny dekor inne og ute på bufellesskapen i Industrivegen - det har engasjert 15-20 deltakarar med tilknyting til Vartun si oppfølging av rusavhengige.

– Det har vore ei fantastisk veke med mange fine inntrykk og gode opplevingar. Du veit ikkje når du startar eit slikt prosjekt, kor godt det vil fenga og kor mange som vil delta. No er vi strålande nøgde med at dette har vore til glede for så mange, både deltakarar og gjestar på utstillinga.

Fekk invitasjon av Mæland

Livskvalitet-prosjektet held elles på med alt frå å vedlikehalda friluftsområde i Os til å gjennomføra ulike oppdrag for Oseana. Neste gong dei skal ut blant publikum igjen blir truleg når dei skal selja benkar og brukskunst på julemarknaden i Os.

– Kanskje blir det eit kunstprosjekt neste år òg. Arne Mæland kom med ein invitasjon til å delta på noko til sommaren igjen, fortel Frostad.

Av maleria som ikkje blei selte i går, er det noko som skal på veggane på Vartun, blant anna det store maleriet som gatekunstnarane har laga saman med deltakarane.

– Kan det bli fleire salsutstillingar?

– Ja, kanskje vi lager noko i ein litt mindre skala.

– Kva med interessa som er skapt, blir det spraya og mala vidare etter at gatekunstnarane har reist?

– Mange har funne mykje glede i dette, og så lenge interessa er der, kjem vi nok ikkje til å pakka vekk utstyret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.