Kultur | 05. mai 2009

Varmar opp for heltane

Manheads, som var Årets Urørt-finalist i vinter, har meir på gang.

Varmar opp for heltane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. mai 2009 08:32

- Vi skal varma opp for Turboneger 16. mai, og er blant dei som kan stemmast fram som "underwood"-band på Norwegian Wood, fortel bassist Alexander Dymbe.

For to veker sidan kom telefonen, frå klår himmel.

- Manageren vår ringte og sa at vi var ønska som eitt av to oppvarmingsband til Turboneger sin konsert i Arenum i Bergen 16. mai. Vi takka sjølvsagt ja, fortel Dymbe.

Både han og resten av bandet har lytta mykje på Turboneger, og dei har vore på 5-6 konsertar med det som er blant Noregs mest eksporterte musikk.

- Men vi har aldri stått på scenen med dei før, og publikummet blir nok både stort i livleg. Dette blir ei fantastisk oppleving for fire rockarar frå Os!

Det andre bandet som skal varma turbunegrane opp er Heroes & Zeros frå Oslo.

Kan bli "underwood-band"
I går blei Manheads nominert saman med 19 andre band til å stå på P3 sin underwood-scene under Norwegian Wood i Oslo i sommar.

Fire av banda blir plukka ut til å spela 13. og 14. juni, her kan du lesa meir og stemma på din favoritt.

- Har de andre jobbar på lista i nær framtid?

- Vi har eigentleg sagt at vi ikkje skal ta spelejobbar før vi er ferdige med plata vår, men vi håpar på å få spela på Rock N LOL på Søfteland også i år, det er verdas kulaste festival! Og så har vi fått tilbod om ein jobb på ein festival i Tromsø i sommar. Den har vi takka ja til.

Debutalbum i 2009
Manheads kom med ein 7-tommar i fjor haust, og held no på å spela inn sitt første album.

- Vi har eige studio, og gjer det meste sjølv. Men vi kjem nok til å be om hjelp til miksing og produksjon, seier Alexander Dymbe.

Fire låtar er spelt inn, til saman reknar Manheads med 10-12 låtar på debutalbummet.

I vinter blei deira første musikkvideo lagt ut på YouTube. Videoen er produsert av tidlegare Os-spelar, no tilsett av Brann.no, Ørjan Håland. Sjå musikkvideoen i feltet under artikkelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.