Varme og omsorg

LESARINNLEGG, Terje Søviknes (Os Frp): Fredag 22. juli var tragedien ein realitet.

Andris Hamretirsdag 26. juli 2011 11:06

Sidan då har vi alle vore gjennom nokre uverkelige dagar. Sjokk, fortviling, frykt, raseri, tårer, tomhet - vi kan rett og slett ikkje forstå. Det som skjedde i Regjeringskvartalet, og spesielt på Utøya, går ut over vår fatteevne.

Nasjonen er råka av det den største ugjerninga sidan 2.verdenskrig. Over 70 menneske, dei fleste uskuldige og forsvarslause barn og unge med heile livet framfor seg, er reve bort. Eit enda større tal ungdommar har vore gjennom et mareritt vi ikkje kan førestilla oss.

Tilbake står foreldre, søsken, familie og vener i botnlaus sorg, med eit stort tomrom og med alle spørsmåla.

Så langt vi veit i dag er det ikkje osingar mellom dei drepne eller hardt skadde, men Norge er eit lite land og alle kjenner nokon som på ein eller annen måte er råka av udåden – også her i Os. Og uansett er vi alle råka som nordmenn. Eit åtak på demokratiet, på det politiske system, på dei verdiane Noreg er tufta på, err eit åtak på oss alle.

Midt i sorga og fortvilinga har vi som nasjon stått saman, og markeringar over heile landet har synt at vi ikkje lar oss knekkja av terror, vald og trugsmål. I Os fekk vi ei verdig og flott markering med fakkeltog til Minneparken måndag kveld. Nær 2000 osingar sto saman med fleire hundre tusen nordmenn i tettstadar og byar over heile landet. Vi stod saman i fellesskapet, for å minnas ofra og deira pårørande, for slå ring rundt alle involverte, støtta opp om hjelpemannskapa og visa omsorg for kvarandre.

Ein liten nasjon, med eit stort hjarta, reiste seg måndag kveld. Tusen takk til alle dåkke som deltok i Minneparken, og dermed bidrog til at Os vart ein del av denne prosessen.

Os kommune har elles følgt utviklinga i Oslo og på Utøya frå dag til dag, og informasjon om krisehjelp og andre tilbod er å finna på kommunen sine nettsider. Stor takk òg til kyrkja i Os som har delteke i markeringar og opna kyrkjerommet for dei som ynskjer ei stille stund eller ein samtale med prest i denne situasjonen.

Norge blir aldri det samme som før ugjerninga. 22.juli 2011 vil stå der i all sin grufullhet, men Norge skal kunne kjennast igjen. Vi skal ta vare på verdiane som vi er så stolte av – openheit, demokrati, ytringsfrihet og rettsstaten.

Vi må bruka denne tragedien positivt til å forsterke og hegna om desse verdiane. Det skuldar vi dei som har mista sine liv. Vi må aldri la verdens ondskap, - uansett kva form den har, ta i frå oss livsgleda! Da har vi tapt. Livgledea og det gode i mennesket må dyrkast.

Aldri før har det vore viktigare å støtta opp om demokratiet, og dei demokratiske rettane vårt folkestyre er tufta på. Kommunevalet og det og driva valkamp verkar fjernt for oss alle no, men valet skal gjennomførast og vi kan alle bidra til at dette vert ein stadfesting på at demokratiet lever. Ved å nytta stemmeretten,og sikra den høgste valdeltakinga nokon gong ved eit lokalval nokon gong, har vi alle slått tilbake med demokratiske verkemiddel!

Dei politiske partia nasjonalt er samde om å utsetja valkampen til midten av august. Det er ei rett og klok avgjerd. Eg vil med det første samla dei lokale partia for å drøfta korleis vi skal følgje opp dette, og gjennomføra valkampen i Os på ein verdig måte. Før 15.august vil det uansett, i respekt for offera og alle involverte denne tragedien, ikkje bli drive valkamp av noko slag.

Framleis er dette ei tid for sorg, refleksjon og ettertanke. No står vi saman, og gjer kvarandre varme og omsorg.

Terje Søviknes (FrP)
Ordførar Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.