Lokal | 23. okt. 2017

Varslar gebyrauke etter nedgang

Kommunen varslar auke i byggesaksgebyra etter nedgang i tal byggesaker.

Varslar gebyrauke etter nedgang
26 færre byggesakar har blitt levert til kommunen i 2. tertial 2017 samanlikna med 2. tertial 2016 (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 23. okt. 2017 12:38

I 2. tertialrapport kjem det fram at kommunen opplever ein nedgang på tal byggesaker hittil i 2017.

– Så langt i 2017 er det ein nedgang i tal byggesaker og såleis også på inntektsida. 2. tertial 2017 hadde byggesak 157 nye saker, mot 183 i 2016. Talet på delingssaker ligg derimot stabilt. Det er venta eit underskot i 2017 som vil bli dekka av sjølvkostfondet.

– Nedgangen i tal saker gjer at byggesak må justere gebyra opp att frå 01.01.2018. Byggesak legg opp til å auke gebyra med 20% i 2018 og ytterlegere 20% i 2019. Gebyra vil etter auken i 2019 liggje på same nivå som før, heiter det tertialrapporten.

Byggesaksgebyra blei redusert med 10% i samband med budsjettet for 2016 og ytterlegare 1. juli 2016.

Kva er grunnen?

Ståle Skaatun (H) stilte i formannskapet spørsmål om ein veit kvifor talet på sakar går ned.

– Er det ei markant nedgang av bygging i Os, tregare gjennomføring av planar eller andre ting som til dømes at garasjer blir bygd utan byggemelding i dag fordi mange byggjer akkurat på den grensa dei no har lov til? Eller er det slik at det første og framst er planarbeidet som bremsar opp?

Veit ikkje

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, svara at det ikkje er planarbeid som bremsar opp.

– Vi er usikre på kva som er bakgrunnen for nedgangen og om det kan vera fritaket for søknadspliktige tiltak. Det får vi ikkje svar på før vi ser heile 2017 under eitt.

– På plansida er det meir trøkk enn nokon gong, så det er ikkje det det står på, men vi ser vel ein generell nedgang av etterspurnad av bustader i Os, men vi veit ikkje om det er fordi folk ventar lengre, om det er saker unntatt søknadsplikt eller andre forhold som er grunnen til nedgangen. Vi følgjer med på det så godt vi kan, svara Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.