Lokal | 08. okt. 2020

Varslar om glatt veg

Vegtrafikksentralen undersøker mogleg oljesøl på Ulvenvegen.

Varslar om glatt veg
Den nye delen av Ulvenvegen, her under opning i mai 2018, skal vera glatt i dag. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. okt. 2020 08:35

Torsdag i 10-tida fortel ein Midtsiden-tipsar om glatt køyrebane på delar av Ulvenvegen.

– Eg køyrde roleg, men mista grep i svingen mellom rundkøyringane ved Svegatjørn, fortel innringar.

– Om det kjem nokon som er litt tung på pedalen, kan dei fort hamna i grøfta. Tohjulingar bør uansett passa seg, meiner han.

Vegen skal vera glatt frå Ulvenparken til Kolskogheiane.

Vegtrafikksentralen hadde ikkje høyrd om forholdet før vi tok kontakt, men rykker ut for å undersøka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.