Samferdsle | 18. des. 2025
Varslar om støy og manuell dirigering dei to neste nettene
Skal riva og montera rekkverk.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. des. 2025 14:42
Statens vegvesen skal riva og montera nye rekkverk dei to neste kveldane og nettene.
Arbeidet startar klokka 21 om kvelden og varer til klokka 06 neste morgon.
– Det blir manuell trafikkdirigering. Arbeidet vil medføra noko støy, vi beklager ulempene, skriv vegvesenet i ein epost til redaksjonen.
Varselet gjeld frå i kveld, torsdag, til laurdag morgon.
Dei aktuelle områda er nær Lepsøykrysset og nær Halhjem ferjekai, ifølgje dei to kartutsnitta over.
Arbeidet er på/langs E39. Om sidevegane blir råka er uvisst.





