Kultur | 26. apr. 2019

Vårslepp med litt vatn

20 utstillarar kjem til Os i morgon.

Vårslepp med litt vatn
Frå Vårsleppet i fjor. I år kjem 20 utstillarar til sentrum. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 26. apr. 2019 13:54

Laurdag er det tid for årets Vårslepp i Os sentrum.

– Det er ikkje så kjekt at det ligg an til å koma regn akkurat i morgon, etter ei god veke med sol, men det er heldigvis meldt nesten vindstille, og kanskje kjem det berre nokre små byger, seier William Lindborg.

Den avtroppande sjefen for Os Sentrumsforening fortel om god respons på årets første marknadsdag.

– Ved sidan av at mange butikkar i sentrum stiller ut varene sine, kjem det 20 bedrifter, lag og organisasjonar for å stilla ut.

Ost, elsykkel, honning og tupperware er blant utvalet, samtidig skal både speidarar, turlag og orienteringsklubb stå på stand.

Moteshow, konsert og premiar

– Klokkeslett som er verdt å merka seg er moteshow 12.30 og konsert av Kongshaug-elevar hos Dysvik klokka 13.

Lilleballong stiller ut, i år med ny «bamsemaskin».

– Denne er fylt med premiar frå butikkane i Os, og skal vera noko strammare i klypa enn dei maskinene på tivoli og i Syden, som kan skapa frustrasjon når du gong på gong nesten vinn ein bamse, seier William og ler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.