Kultur | 21. mai 2011

Vårslepp med sommarmote

Vårslepp i Os: Fotballspelarar blei lokka ut i zumba-dans, «brudepar» kuppa moteshow.

Vårslepp med sommarmote
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. mai 2011 17:35

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden.no på Facebook

Laurdag var det Vårslepp i Os sentrum. Torghandel, utstillingar og tivoli plar vera blant innslaga, i år var det dessutan zumbaoppvisning og moteshow.

TRYKK HER FOR Å SJÅ VIDEO FRÅ VÅRSLEPPET

Zumbashowet starta allereie klokka 11 i formiddag, med Susan Askvik frå zumbaklassen på Nore Neset og Iceabella Johnsen (fleire gongar noregsmeister i swing) frå Sprek og Blid på scenen.

Berre tre spreke damer blant publikum kasta seg med i dansen.

Men det var fram til sentrumsforeiningsleiar Renate Iversen, som sjølv er zumbainstruktør, huka tak i nokre utøvarar frå Os Wolverines. Jervane måtte pent kasta seg med i dansetreninga.

Neste innslag frå scenen i sentrum var moteshow.

Ungar, ungdom og vaksne viste siste nytt frå dei fleste kledebutikkane i sentrum, men på tampen hamna ei ubestilt brud på catwalken.

– Ho hadde bursdag 18. mai og den feirar vi med ein overraskelsesdag i dag. No har ho fått ny frisyre og sminke, i nabobutikken fekk eg ho til å prøva ein brudekjole, berre på gøy, forklarte Tor Slettebakken før han kasta Elin, som han for lengst er gift med, på catwalken med bruekjole.

Elin tok det med eit smil, gjekk to gongar med stil, og fekk så akkompagnement av mannen sin den siste runden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.