Vårteikn på plass og sol i vente
Naturfotografane Lind og Lunde fanga førre veke fine vårteikn med kamera. Onsdag kjem finvêret – denne gong for å bli ei stund.

Det har vore ein forblåst, men mild vinter i Noreg. Februar var månadstemperaturen i heile landet 4,2 gradar over normalen og månaden blei blant dei fem mildaste sidan 1900, ifølgje met.no.
Fleire vårteikn har dukka opp i Os. To av dei har fotografane Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde tatt bilde av.
– Den første tjelden fann eg den 4. mars på ein liten holme utanfor Halhjem, fortel Oddmund.
Dagen etter tok kona Liv-Randi bilde av kusymre, fylkesblomsten for Hordaland. Denne fann ho på Ytterøya.
Sol frå onsdag
Vinterferien og veka som følgte har vore våt. I dag, måndag, har vi lettskya opphaldvêr i Os, men det er venta litt regn i ettermiddag og lett nedbør gjennom heile morgondagen.
Men Yr og Storm har same melding for onsdag: Nærmast skyfri himmel og 5-6 varmegradar.
Sett vekk frå nokre byger torsdag skal det vera sol, opphaldvêr og lite vind frå onsdag og ei veke fram.
Temperaturen skal ligga på 5 til 7 varmegradar på dagtid, men enkelte netter er det fare for frost.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.