Lokal | 06. mars 2012

Vårteikn på torget

Er vinteren over? Varme veker får tulipanane til å veksa gjennom granbaren.

Vårteikn på torget
Siri Berge og Karl Geelmuyden fjerna i dag granbaren i det store bedet på torget i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 06. mars 2012 13:32

– Tulipanane toler frost, granbaren ligg her som pynt, og litt for å beskytta den for eventuelle store snømengder, eller folk som tråkkar i bedet, seier Karl Geelmuyden frå grøntavdelinga i Os kommune.

– Men no må vi ta granbaren av før tulipanane veks så mykje at vi øydelegg dei når vi tar greinene vekk, skyt kollega Siri Berge inn.

Dei to synes det er litt tidleg med så høge tulipanar, men ser samtidig fram til å pynta vidare på Torget.

– I starten av april, når stemorsblomane kjem for sal, skal vi planta dei oppi her saman med tulipanane, seier Berge.

Meir varme i vente

Plussgradane som har vore i Os og i fjella rundt Os dei siste vekene ser ikkje ut til å forsvinna med det første.

Ut denne veka og til og med torsdag i neste veke er det venta temperaturar på mellom 8 og 9 varmegradar i Os.

Nedbør blir det også, 18 mm onsdag og 24 mm fredag, elles mellom 5 og 8 mm dei neste dagane.

Sjå detaljert langtidsvarsel frå Yr.no her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.