Samferdsle | 04. aug. 2022

198 hus utan vatn

Kommunen har stengt vatnet etter brot på forsyninga.

198 hus utan vatn
Ved langvarig utkopling av vatn kan det bli aktuelt å setja ut tank. Det er foreløpig ikkje tema på Skeie. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. aug. 2022 08:28

Klokka 09.35 torsdag formiddag gjekk det ut melding til fleire bustadar på Skeie med informasjon om stengt vatn.

– Vi har eit vassleidningsbort i Skeisstøa og har stengt av vatnet. Vi jobbar så raskt vi kan for å utbetre feilen, skriv kommunen i ei sak sist oppdatert klokka 10.25.

– Etter utbetringa kan vatnet vera misfarga. Tapp då med kaldt vatn til det er klart, legg dei til.

Oppdatert:

Det er berre 6 bustadar som er ramma av sjølve leidningsbrotet, og har fått kokevarsel, mens til saman 198 no har fått stengt vatnet.

Skeisstøa og Skeisleira er ramma.

– Det blir jobba med å stenga av leidningen med lekkasje, så dei 192 andre husa kan få vatnet igjen. Det blir nok ikkje så lenge til, seier teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune.

Sjølve leidningsbrotet kan ta lengre tid å reparera, for det er foreløpig ikkje funne.

– Det starta med at vi fekk melding i går, om noko som i utgangspunktet såg ute som eit lite brot, men no viser seg å vera noko større.

Det starta med ein huseigar som skulle reparera ein skade hos seg sjølv, og derfor stengte av vatnet inn til eigedomen. Då denne blei opna igjen, viste det seg å vera eit større brot ein annan stad.

– Dessverre viser det seg at kart og terreng ikkje stemmer. I kartet går den skadde leidningen ut i «intet».

– Her har det i si tid vore entreprenør som har gjort endringar, og ikkje har meldt desse inn. Når dokumentasjon manglar eller er feil, kan det bli dyrt i situasjonar som denne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.