Lokal | 22. juni 2013

Vasslekkasje på Kongshaug

Brannvesenet rykte ut for å pumpa vatn ut av tre etasjar på Kongshuag Musikkgymnas i natt.

Vasslekkasje på Kongshaug
Brannvesenet stilte opp med pumper då eit vassrør blei skadd på Kongshaug rundt klokka 00.30 natt til laurdag. (Foto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. juni 2013 06:48

I 00.30-tida natt til laurdag fekk Os brannvesen melding om vasslekkasje på Kongshaug Musikkgymnas.

– Det er oppussingsarbeid på skulen og eit rør i 2. etasje hadde blitt skadd, fortel Terje Håvardstun frå Os brannvesen.

Vatnet hadde rent inn på nokre rom og ned i 1. etasje og i kjellaren.

– Det var ikkje så voldsomme mengder, og ikkje så mange rom som blei berørt, mesteparten av vatnet låg i gangen.

Brannvesenet pumpa ut mykje av vatnet, resten blei tatt med filler av arbeidarar på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.