Lokal | 02. mars 2018

Vasslekkasje på Lunde barneskule

– Det var tilfeldig at det blei oppdaga, seier rektor, ein av få tilsette som var på skulen siste dagen i vinterferien.

Vasslekkasje på Lunde barneskule
Sløyden er blant romma som er råka av vasslekkasjen. (Privat bilde, foto: Elin Skaatun)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. mars 2018 13:16

Fredag formiddag klokka 10.15 blei ein vasslekkasje oppdaga på Lunde barneskule.

– Ein lærar som var innom for å førebu seg på skulestart etter vinterferien oppdaga lekkasjen. Sjølv var eg i ein annan ende av bygningen, seier rektor Elin Skaatun.

Dei tilsette stengte sjølv av vatnet. Os brannvesen var raskt på staden og byrja å lensa skulen for vatn.

400 liter gjennom fleire etasjar

Lekkasjen hadde ikkje noko med sprengkulda å gjera, men viste seg å koma frå eit rør som hadde «hoppa av».

– Røret er på eit loft. Derfrå har vatnet kome ned på sløyden, på toalett og på eit rom der vi underviser i kunst og handverk.

Det har òg kome vatn ned i kjellaren, men dette har gått via ei trapp, ikkje via etasjeskilje.

Brannvesenet har lensa bygget for rundt 400 liter med vatn.

Opnar som normalt måndag

Dei som eventuelt hadde håpa på at skaden kunne gje forlenga ferie, blir skuffa.

– Lekkasjen kom i den gamle delen av skulen, nær overgang til ny del. Ingen klasserom for ordinær undervising er ramma.

– Sånn sett har vi hatt litt hell i uhell, vi kan opna måndag som normalt.

Eksakt kor omfattande skadene er, veit Skaatun førebels ikkje.

– Vi har ikkje hatt takstmann her enno, fortel rektor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.