- 17. feb. 2021

– Vatnet sto 40 cm oppetter veggen

Rykte ut på vasslekkasje i bustad i natt.

– Vatnet sto 40 cm oppetter veggen
Brannvesenet rykte ut til stor vasslekkasje i bustad. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. feb. 2021 09:13

I 02-tida natt til onsdag rykte brannvesenet ut på melding om vasslekkasje i ein bustad på Søfteland.

– Huseigar hadde høyrd vatnet spruta, og oppdaga ein stor vasslekkasje i kjellaren, fortel Martin Østgulen Svendsen frå Bjørnafjorden brann og redning.

Lekkasjen skjedde i ei kopling til varmekablar, som skulle hindra røyra å frysa. Denne hadde blitt pressa ut og vatnet spruta med full styrke.

– Heldigvis var lekkasjen i ein uinnreidd del av kjellaren, og spreidde seg ikkje vidare. Vi fekk òg tappa vatnet fort vekk via ein sluk i naborommet.

Straumen blei òg kopla på i dei innreidde delane av huset, så dei som bur der ikkje fekk ei altfor kald natt.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.