Oselvarfestivalen 2012

Vått, men triveleg

Bondens dag, torghandel og oselvarfestival: Sjølv om dagen opna med regnvêr såg folk ut til å trivast på Osøyro laurdag.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Vel 150 personar fann vegen til frukost på torget då bondelaget og sentrumsforeninga inviterte til dette laurdag morgon.

Sjå video med Os Mannskor og Os Duspelsamskipnad i botn av artikkelen.

- Eg er godt nøgd med frammøtte. Då vi starta var det ganske blaut, men folk såg ut til å kose seg med spekemat og frukosten.

- Dei fann seg ly i telta og framfor Libris så det gjekk bra, smilar Geir Amundsen då Midtsiden treff han på torget litt seinare på dagen.

Ville ikkje gå

På Kyrkjeflaten hadde bondelaget rigga til så born og vaksne skulle få treffe dyr og få eit innblikk i gardslivet.

Ein av dei mest populære aktivitetane var då dei inviterte til kalvesjå kor ungane sjølv kunne få prøva å handtera kalvane og visa dei fram for eit kyndig dommarpanel.

- Den ville ikkje gå, så eg prøvde å dra den med meg, men då berre drog den andre vegen, forklarar ein av dei unge kalvehandterarane, godt fornøgd med kalvekoppen han fekk i premie for innsatsen.

Populær riding

Sjølv om kalvesjåinga var populær slo den nok ikkje ein ridetur rundt Kyrkjeflata. I løpet av dei timane var til stades var det konstant kø av ivrige ungar som ville få seg ein ridetur.

Om ventetida blei for lang var det mange som berre tok seg ein tur for å sjå på eliteoksen Angvald av Dovre eller for å helse på nokre av dei andre dyra på utstillinga.

Trakk innandørs

I Oselvarnaustet hadde entusiastane skipa til Oselvarfestival med defilering på elva og konsert med Os Mannskor og Os Durspelsamskipnad.

- For første gong har vi måtte be om å få synga innandørs, fortalde mannskoret før dei leverte shanty-visar på løpande band.

For dei som ønskja var det berre å låne ein Oselvar og freiste nasjonalbåten sine eigenskapar i hamna.

Midtsiden kjem tilbake med vinnarar av kakebakekonkurranse og meir om torghandelen i eigen artikkel.

Video, 2:21: Høyr Os Mannskor og Os Duspelsamskipnad i Oselvarnaustet (foto: Andris Hamre)

Fleire saker