Lokal | 03. sep. 2021

Vått vêr i vente - men helga blir strålande

Finvêret held seg til måndag morgon.

Vått vêr i vente - men helga blir strålande
I helga skulle det vore cup på Kuventræ, men den er avlyst. Måndag tar Os imot Lysekloster, men då blir det truleg vått. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. sep. 2021 09:23

Har du vent deg til sol, 17 gradar og litt nordavind? Det var synd. No har vi nemleg gråare dagar i vente.

Måndag og tysdag er det meldt regn frå morgon til kveld.

Storm melder også regn onsdag og fredag, mens Yr melder opphaldsvêr frå onsdag og ut veka.

Men meldingane for helga er framleis fine!

I dag, fredag, er det venta lettskya og 15-16 gradar ut dagen.

Det er meldt tilsvarande vêr laurdag og søndag, men då skal vindstyrken ned frå 4,3 m/s, som vi har i dag, til knappe 2 m/s.

Det er godt nytt for «Opplevelsesdagen» til Oseana laurdag og konfirmasjonane og Kom deg ut-dagen på Lysøen søndag.

Laurdag skulle også over tusen unge fotballspelarar delta på Eat, Move Sleep cup på Kuventræ, men den er avlyst grunna det høge smittetrykket blant unge.

Måndag, når regnet har kome, er det internoppgjer mellom Os og Lysekloster i Norsk Tipping-ligaen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.