Kultur | 17. juni 2022

Vedholmen Galleri gjorde eit skup i Skottland

«Landscape artist of the year» blir del av sommarutstillinga.

«Lighthouse» av John O' Neill, Tungenes fyr på Randaberg.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. juni 2022 15:54

I morgon opnar Vedholmen Galleri er kollektiv sommarutstilling.

Musikalsk innslag under vernissasjen er ved Andrea Ådland (23) frå Bergen.

I innspurten har galleristane fått hand om fleire verk av den irsk/engelske kunstnaren John O’Neill.

– Vi såg han først på «Landscape artist of the year» (2020) på Sky Channel. Han har budd i Stavanger ein periode, og bur no i Skottland. Vi tok kontakt, og vi er stolte over at han ville senda nokre verk til utstillinga vår, fortel Vibeke Harild.

I Stavanger fann O'Neill blant anna motivet «Tungenes fyr» på Randaberg.

– Dette er eitt av verka han har sendt til oss. Det blei ei mellomlanding i tollen, men heldigvis fekk vi det fram i tide, seier Harild.

Ved sidan av O'Neill inkluderer sommarutstillinga verk av Lars Elling, Line S. Hvoslef, Ørnulf Opdahl, Tuva Gonsholt, Rita Marhaug, Astrid McGarrighan, Terje Risberg, Erling Valtyrson, Eva Harr, Reinhard Haverkamp, Henriette Emilie Finne, Jan Erik Willgohs, Henriette Hagelien, Leif Nyland, Sarah Louise Reed, Birgit Brühl, Kjersti Olsen & Livio Lilli, Tante Tuca og atelieret sine eigne kunstnarar.

Vokalist Andrea Ådland syng på Vedholmen Galleri for tredje gong. Ho blir av NRK P3 skildra som ein dyktig vokalist med eit talent for uanstrengt vokal og vakre tekstar.

På utstillingsopninga har ho med seg gitarist Sjur Folgerø (23) som er tidlegare medstudent av Andrea på Griegakademiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.