Lokal | 12. mai 2020

Vedtok klatrevegg og hoppegrop på Kuventræ

Kommunestyret sa ja til kontor, kampsport og tilbygg med hoppegrop og klatrevegg.

Vedtok klatrevegg og hoppegrop på Kuventræ
Bjørnafjorden kommunestyre er samla i Oseana i dag. (Foto: Bjørnafjorden kommune-TV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2020 11:57
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Bjørnafjorden kommunestyre er i dag fysisk samla, men i Oseana, for å få ekstra god smittevernavstand mellom dei 35 representantane.

Møtet, som blir leia av fungerande ordførar Mikal Leigland (SP), er ikkje ope for publikum eller presse, men blir sendt på kommune-TV.

Blant sakene på lista er ferdigstilling av tomme lokale i ny dobbelhall og tilbygg med hoppegrop og klatrevegg, element som seint i planleggingsfasen blei tatt ut av prosjektet.

– Denne saka brukte vi litt tid på i formannskapet, og det kunne kanskje høyras ut som om vi ikkje var einige, men det er brei politisk semje om dette, sa Marie Lunde Bruarøy (H).

Både Eirik André Hesthamar (Frp) og Gisle Hesjedal (Ap) var på talarstolen for å ytra glede over at ventetida for idrettsutøvarar og tilsette ved Os Idrettpark endeleg er over.

Innstillinga blei samrøystes vedtatt.

Framlegget som blei vedtatt:

  • Bjørnafjorden kommunestyre godkjenner at tiltaket med å innreia fløyen med kontor, møterom og fleirbruksrom vert sett i verk omgåande.
  • Det er viktig å få på plass HMS-tiltak, kontor og nytt spiserom.
  • Bjørnafjorden kommunestyre stør også at øvrige tiltak (innreiing/hoppegrop/klatrevegg, kampsportrom, utleigeareal og energireduserenda tiltak) vert realisert.

Eit tilleggsnotat seier at Os Idrettspark Kuventræ blir finansiert av avsette fondsmidlar til føremålet og eventuelt tilgjengelege tippemidlar i 2020. Prosjektet blir fullfinansiert primært ved eventuelle statlege tiltakspakkar, sekundært ved «forskotering» frå årsoverskotet til Os kommune for 2019.

Forventa tippemidler knytt til Os Idrettspark, som truleg vil bli utbetalt i perioden 2021-2023, skal tilbakeførast til kommunestyrets disposisjonsfond. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjera denne transaksjonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.