Samferdsle | elleve timar sidan

Vedtok nye namn på over 250 busshaldeplassar

Dei fleste endringane er i fem andre kommunar, men fire stopp i Bjørnafjorden er fornya.

Vedtok nye namn på over 250 busshaldeplassar
Utsikt frå Sørstrøno snuplass opp mot Strønevågen haldeplass. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. mars 2026 10:04

Vestland fylkeskommune har vedtatt å endra namn på 256 haldeplassar i kommunane Lærdal, Øygarden, Gulen, Gloppen og Vik.

I 2025 blei første sak lagt fram og 176 haldeplassar fekk nye namn.

Fylket vedtok òg dei 176 namneendringane som direktør i Skyss etter fullmakt har gjennomført i løpet av 2025.

Dei inkluderte desse fire endringane i Bjørnafjorden kommune:

  • Nore Øyane skule til Strøno barneskule
  • Strønevågen (nytt stopp)
  • Rindakleivane (nytt stopp nordaust for Skjebreidvatnet)
  • Sævareid rundkøyring (ingen namn frå før)

Busstoppet i Nordstrøno endrar namn i tråd med at skulen, for over ti år sidan, skifta namn.

Ein tilsvarande systematisk gjennomgang av haldeplassnamn i Vestland har ikkje vore gjort før 2025.

No behandlar fylkesutvalet kvart år ei sak med tilråding til nye haldeplassnamn.

Der har fylkesadministrasjonen gått gjennom Språkrådet sine tilrådingar til nye namn.

– Stadnamn ber med seg kultur- og naturhistorie, og gjennom ei årleg behandling i fylkesutvalet sikrar vi både heilskap og lokal forankring. Tilrådingane frå Språkrådet gir eit godt fagleg grunnlag, og det er viktig for oss at ønska frå kommunane blir høyrde i prosessen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?