Harald Døsen (t.v.) og Espen Aspenes med skisse av parkeringshus under grusbanen i midten. (Arkivbilde grunna dårleg lys i dagens møte, foto: KVB)

Vedtok parkeringshus under grusbanen

Samrøystes vedtak og tilleggspunkt om parkering i fjell. Men først; ein runde mellom Aspenes og Døsen.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I kommunestyret, som starta klokka 17 i dag og blir direktesendt med video, var nytt parkeringshus i Os sentrum første sak på lista etter orientering om den pågåande kommunesamanslåinga.

Frå Circle K/Statoil til grusbanen

Prosjektgruppa Liv på Øyro 2 formulerte etter møte onsdag 5. desember ei innstilling som handla om å gå vekk frå arbeidet med parkeringshus på Circle K-tomta (tidlegare Statoil, BP og Norol), og heller jobba vidare med parkering under grusbanen ved Os ungdomsskule, der reguleringsplanen allereie er godkjend.

Opparbeiding av grusbanen inkluderer ny trafikkløysing forbi Os barneskule og mogleg god synergi med komande nytt leikeareal på den gamle Røde Kors-tomta.

Parkeringshus på Circle K- og brannstasjontomta
• 1600 kvm grunnflate
• 200 parkeringsplassar
• Pris: 63 millionar kroner

Parkeringshus under grusbanen
• 4000 kvm grunnflate
• 240 parkeringsplassar (150 + 90 plassar med overflateparkering på Circle K- og brannstasjontomta.)
• Pris: 69 millionar kroner inkludert 14 millionar for ny trafikkløysing ved Os barneskule og 5 millionar kroner for tilrettelegging for overflateparkering på Cirle K- og brannstasjontomta.

• Les meir: Gira på grusplassen

Tillegg: Start med plan om parkering i fjell

Espen Aspenes (Frp) var første av berre to talar då saka var oppe. Han har vore del av fleire prosjektgrupper som omhandlar Os sentrum, også Liv på Øyro 2.

I tillegg til å snakka varmt om «kinderegget» som grusbanen er, meiner han at det må jobbast vidare med plan om parkering i fjell, i tråd med tidlegare skisser om fjellhall i kombinasjon med Os Sjøfront, Mobergsneset og Oseana.

Tillegg fremja av FrP/H/V ved Espen Aspenes:
«Os kommune ber rådmannen starta opp reguleringsarbeid for parkeringsanlegg i fjell under Mobergshaugane slik skissert i Reguleringsplan for Os Sjøfront, Mobergsneset.»

Er det nokon som har snudd?

Etter å ha høyrd Aspenes snakka varmt om parkeringshus under grusbanen, gjorde Harald Døsen (Ap) eit kort tilbakeblikk på møtet i plan- og bygningsutvalet 21. juni i år.

– Den gong kom vi i Arbeidarpartiet, saman med KrF og TvS, med forslag om å bevara den gamle brannstasjonen, gå vekk frå parkeringshus på Circle K-tomta, utgreiing av parkering i fjell og parkering under grusbanen. 

– Men då blei vi nedstemt med 5 mot 4 stemmer. No er vi glad for at posisjonen har snudd, og at ordførar i første møte med den nye Liv på Øyro-gruppa, fremja eit forslag som er nesten identisk med det vi sa i sommar.

Aspenes ba om replikk.

– Det kan sjå ut som ein kveld for å samla politiske poeng, men det han galant hoppar bukk over er at det var eit samla kommunestyre som gjekk inn for parkeringshus over bussterminalen, og seinare på Circle K-tomta.

Døsen svarte kort at dei ikkje hadde gløymd at dei stemte for dette, men at ny informasjon har gjort at dei såg i retning grusbanen. Noko alle no gjer.

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak:
Os kommunestyre vedtek å realisera kombinert parkeringsløysing for Osøyro med overflateparkering på Cirkle K-/Brannstasjonstomten og parkeringsdekke på grusbanen v/Os Ungdomsskule inkl. kunstgrasbane og trafikkløysing for Giskavollen/Os barneskule med utgangspunkt i vedlagte skisser datert 05.12.18. Os kommunestyre vedtek å avslutta prosjekt 7220 Parkeringsbygg Osøyro. Os kommunestyre vedtek å etablere eit nytt prosjekt – Parkeringsanlegg med oppgradering av trafikkløysingar og uteområde Osøyro nord med ei prosjektramme på 71 millionar kroner (36 mill 2019, 35 mill 2020).
 
Framlegget og tillegget blei samrøstes vedtatt.

Ordførar Terje Søviknes (Frp) kommenterte at det var kortaste parkeringsdebatten han hadde vore med på i si tid som ordførar (frå 1999).

 

Fleire saker