Marie L. Bruarøy, Atle Kvåle, Mikal Leigland og Tina Bøe Buer er blant dei som kan via deg borgarleg i Bjørnafjorden kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vedtok vigslarar i Bjørnafjorden

Skal du gifta deg borgarleg? Då kan du velja mellom desse 24 vigslarane.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Frå 1. januar 2018 tok kommunen over oppgåva med borgarleg vigsle frå domstolane.

• Les òg: Vedtok 19 vigslarar (oktober 2017)

Sidan den gong har 72 ekteskap (42 i 2018 og 30 til no i år) blitt inngått i Os Rådhus, eller med folk frå rådhuset, anten det har vore administrasjon eller lokalpolitikar.

Tilsvarande tal for Fusa er 8 (6 i 2018, 2 til no i år).

• Tanja og Fredrik blei historisk: Første vigsle i Os Rådhus (12. januar 2018)

Når vi no blir ny kommune må nytt vedtak om kven som kan via innbyggarane borgarleg fattast. Det blei utført i første ordinære kommunestyremøte i Bjørnafjorden tysdag ettermiddag.

Automatikk og administrasjon

Ordførar og varaordførar har gjennom lova allereie vigslemynde.

Det betyr at Trine Lindborg (Ap) og Mikal Leigland (Sp) allereie står på «menyen» om du vil gifta deg borgarleg.

I framlegg til vedtak var følgjande kandidatar frå administrasjon foreslått som vigslarar; Christian F. Fotland, Nils-Petter Borge, Lisbeth Axelsen, Monica Totland Melvold, Elisabeth Farstad, Anne Skagseth og Erik Vangsnes.

Redusert forslag fekk tre stemmer

Ulike parti fremja sine og samarbeidspartia sine kandidatar til lista over politikarar som skal kunna via innbyggarane.

Så gjekk Harald Lekven (uavhengig) på talarstolen.

– Dette er ei typisk oppgåve eg meiner vi bør spørja oss sjølv om vi skal bruka tid og ressursar på. Eg er ein av dei som meiner denne rolla passar for dommar og prest, og om det skal gjerast lokalt, så får det halda med ordførar og varaordførar, sa Lekven, og fremja dette som forslag.

– Eg opplevde det som ei rar oppgåve å få midt i ein kommunestyreperiode, men eg har vore med på nokre vigslar no, og synest det har vore ei fin oppleving. Eg synest dessutan at det er naturleg at innbyggarane får inngå ekteskap lokalt også om dei vel borgarleg vigsle, sa Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Lekven fekk med seg Bjarte Samnøy (KrF) og Thorstein Skårnes (Frp) på å krympa mengda vigslarar, men forslaget falt med 3 mot 32 stemmer. Kommunestyret gjekk så samrøystes inn for dei innleverte listene med kandidatar. 

Vigslarane i Bjørnafjorden kommune

Kommunestyret gjekk inn for forslaget frå administrasjonen, med namna ramsa opp øvst.

Samtidig stemte dei inn desse representantane frå kommunestyret som vigslarar ut 2023:

Asle Olsen (SV)
Atle Kvåle (Ap)
Eirik Andre Hesthamar (Frp)
Gustav Bahus (Frp)
Herborg Irene Borgen Nordtveit (Sp)
Laila Reiertsen (Frp)
Linda Kjosaas (Ap)
Line Furubotn Storum (Ap)
Marianne Hjelle (Frp)
Marie E. L. Bruarøy (H)
Nils-Anders Nøttseter (MDG)
Terje Sperrevik (Sp)
Terje Søviknes (Frp)
Tina Bøe Buer (MDG)
Torgeir Hansen Skjælaaen (MDG) 

På spørsmål frå Marie Lunde Bruarøy (H) om vaktordning, og oppfordring om å gjera det enklast mogleg for brudepara, svara kommunedirektør Christian F. Fotland at alt blir som før med praktisk gjennomføring i og utanom kontortid.

Fleire saker