– Vegane kan bli svært glatte i natt
Temperaturen skal gå frå 7 pluss til frysepunktet.


Vesle nyttårsaftan fekk vi snø med overgang til regn på kvelden. Natt til onsdag fraus det på, og vi fekk glatte vegar fleire stadar.
På morgonen hadde det kome inn fleire meldingar om ekstra glatte forhold på Lepsøyvegen. Bil med salt blei sendt ut.
Det skal gå frå regn til snø rundt midnatt, og vindstyrken skal ikkje bli så verst. Men det kan bli meir krevjande for bilistar enn for dei som skal skyta opp fyrverkeri.
Nyttårsaftan har det regna, men det er venta lågare temperaturar i natt. Det er sendt ut farevarsel om is i Vestland og Rogaland.
– Regn og sludd gjer at saltet renn vekk. Når det blir kaldare kan det bli krevjande forhold for dei som skal ut og køyra bil, seier Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef i Frende Forsikring.
Ho har to konkrete råd til alle som er nøydde til å køyra på nyttårsaftan
– Først og fremst må du tilpassa farten etter forholda. Det er heilt greitt å køyra under fartsgrensa når vêret tilseier det.
– Og så må du halda god avstand til bilen framfor deg. 1003-regelen held ikkje alltid når det er på det glattaste.





