Lokal | 11. jan. 2020

Vegard Leikvoll Moberg til dansk klubb

Signerte med Silkeborg IF fredag.

Vegard Leikvoll Moberg til dansk klubb
Vegard Leikvoll Moberg får nummer 8 på ryggen i ny klubb. Debuten kan koma søndag 16. februar. (Foto: Silkeborgif.com)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. jan. 2020 09:47

SK Brann var blant fleire interesserte då Vegard Leikvoll Moberg i haust avslutta treårskontrakten med Bodø/Glimt.

No er det klart at «Leik» ikkje får Stadion som heimebane. Fredag signerte han med danske Silkeborg, som ligg i botnen av øvste nivå i Danmark, 3F Superligaen.

– Med Moberg får vi ein erfaren spelar som har prestert godt. Han bidrar med fysikk og erfaring, er god både med og utan ball, og jobbar hardt frå boks til boks. Vi håper han er ein spelar som kan gjera at marginane tipper vår veg i siste del av sesongen, seier sportssjef i Silkeborg IF, Jesper Stüker, til eigne heimesider.

Kontrakt i 2,5 år

Vegard kom til Danmark fredag formiddag og reiser heim i dag.

I går signerte han ein avtale på 2,5 år med klubben.

Han er tiltenkt rolle som indreløpar, som i Bodø/Glimt, og får 8 draktnummer.

– Eg har fått eit godt inntrykk av både klubben, fasilitetane og folka i Silkeborg, seier Vegard til klubben sine heimesider.

Ville til utlandet

Vegard, som gjekk frå moderklubben Os til Åsane før 2011-sesongen, rykte opp til 1. divisjon med dei oransje i 2014, var innom Sogndal i 2016 og spelte 30 kampar for Bodø/Glimt då dei rykte opp til Eliteserien i 2017.

I Bodø/Glimt, som tok 2. plass i Eliteserien i 2019, blei det i alt 77 kampar på tre sesongar på den sterke og allsidige fotballspelaren frå Os. Han fekk tilbod om ny kontrakt, og kunne spelt i europafotball med nordlendingane i 2020, men valte å bli med og kjempa for danske Silkeborg i botnen av den øvste danske serien.

– Eg hadde lyst å prøva eit anna land og ein annan liga. Då eg fekk sjansen i Silkeborg var eg ikkje i tvil om at eg skulle gripa den, sa Vegard til BT fredag kveld.

Midtsiden har ikkje lykkast i å få tak i Vegard laurdag formiddag.

Silkeborg er ein by med rundt 45.000 innbyggarar, plassert «midt» i Danmark, 43 km vest for Århus. Om Vegard vil ta seg ein fjelltur, er Silkeborg nær «Himmelbjerget» (147,3 moh), som fram til midten av 1800-talet blei sett på som Danmarks høgaste topp.

På Eurosport i februar

Silkeborg står med 2-4-14 etter 20 kampar. Seks serierundar står igjen før playoff, og det er 3 poeng, 7 poeng og 12 poeng opp til dei neste plassane på tabellen.

Det er no pause i superligaen. Første kamp i vårsesongen for Silkeborg går heime mot Aalborg (6. plass) søndag 16. februar.

Dette blir truleg debuten til Moberg, og kampen blir vist på Eurosport 2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.