- 30. mars 2021

Vegard Strønen Skeie legg opp

Hadde kontrakt med Brann ut 2023.

Vegard seier tida i Brann har vore veldig kjekk, men har likevel valt å legga opp. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. mars 2021 08:59

Vegard Strønen Skeie, som fyller 21 i år, legg opp som fotballspelar.

– Eg hadde tatt avgjerda då eg var på Os i fjor, men så kom Brann på banen, og det gav naturlegvis ny inspirasjon, seier Vegard til Midtsiden.

Han skulle i førstegongsteneste i august, men fekk denne utsett grunna sjansen han fekk med Eliteserie-klubben.

Skeie signerte kontrakt i september og blei lånt ut til Øygarden i haustsesongen. I vinter har han vore tilbake i Brann, men òg hatt eit par veker i trening med Øygarden.

– På forsommaren i fjor var eg veldig innstilt på å prøva noko nytt, eg var litt lei av fotball. For folk utanfor er det kanskje vanskeleg å sjå for seg kor altoppslukande fotball er, om du har ambisjonar, ikkje minst om du får innpass på høgare nivå.

SK Brann skal ifølgje BT ha blitt overraska over beskjeden.

– I det siste har desse tankane kome tilbake, og eg kjenner eg har mista meir og meir av «driven».

– Kva har vore det kjekkaste med dette drygt halve året i toppfotballen?

– Det er vel totalen. Det har vore veldig kjekt med heile opphaldet i Brann, og sjølv om vi ikkje klarte å hindra nedrykk med Øygarden i haust, var det ei god oppleving med fleire sigrar og gode kampar.

Skeie vil i militæret til sommaren og ønskjer å ta ei utdanning i Forsvaret.

– Blir du å sjå på Kuventræ i mellomtida?

– Det er ikkje umogleg at eg kjem innom ei trening med Os på våren, men det er ikkje sånn at eg har ambisjonar om noko speletid, om serien startar før sommaren, eller at eg er i dialog med klubben. Det blir først og fremst eigentrening og førebuing på tida i Forsvaret, seier midtstopparen.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.