Sport | 09. des. 2010

Vegard til Adeccoligaen?

Os sin toppskårar, Vegard Leikvoll Moberg, skal på prøvespeling.

Vegard til Adeccoligaen?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. des. 2010 07:13

Denne veka kjem Os-spelar Vegard Leikvoll Moberg heim etter to månadar på fotballskule på Mallorca. Vegard rekk knapt å vaska sokkane sine før han skal til Austlandet for å prøvespela i førstedivisjonsklubben Mjøndalen.

- Det gjekk berre éi veke før eg såg at Vegard er ein som kjem til å spela i Adeccoligaen innan rimeleg kort tid, seier Leif Tsolis.

Tsolis er eigar av Scandinavian Football School på den spanske ferieøya og blant dei som har trent Moberg dei siste månadane. Han er også spelarutviklar for Mjøndalen.

Hengande goalgetter
Vegard Leikvoll Moberg var ikkje fylt 18 år då han i 2009 debuterte for A-laget til Os med å spela frå start og skåra på straffe. I den doble opprykkssesongen i fjor skåra han 4 mål for A-laget og 7 for Os 2.

I år enda han med 12 mål og blei toppskårar for Os i 2. divisjon.

- Her på Mallorca har vi spelt tre treningskampar og Vegard har skåra i to av dei. Vi ser etter ein som kan spela midtbane og hengande spiss, og det er nettopp desse rollene Vegard både er vane med og taklar veldig bra, seier spelarutviklaren frå Mjøndalen.

Ei veke å visa seg på
Måndag 13. desember skal Vegard ha si første trening med Mjøndalen. Os-spelaren blir i Mjøndalen til 17. desember.

- Mjøndalen har tradisjon for å finna gode spelarar frå 2. divisjon. Vi kjem til å ha fleire spelarar på visitt dei neste to vekene, men Vegard er ein eg har stor tru på.

- Han er sterk, har eit godt driv, er flink med ball og han skårar mål, skryt Tsolis.

- Det skal bli ei kjekk og interessant veke. Blir det kontrakt blir det ein stor bonus, seier Vegard.

Deltidsjobb
Mjøndalen, som hadde fleire år i Tippeligaen på 80- og 90-talet, går no inn i sin tredje sesong i Adeccoligaen etter opprykk frå 3. divisjon i 2006 og frå 2. divisjon i 2007.

- I år fekk vi ein dårleg start, men fekk ein god spelar tilbake frå skadeopphald og fekk inn fire nye på overgangsvindauget i sommar, noko som var sterkt medverkande til at vi tok 6-7 sigrar på rad og hamna på trygg 10. plass, fortel Tsolis.

Vegard fortel at han i utgangspunktet er innstilt på å spela for Os neste år, men byr sjansen seg kan det bli flytting til Mjøndalen.

- Eg veit ikkje kva skuletilbod det er i nærleiken, eg måtte nok ha funne meg ein deltidsjobb om det blei flytting.

Dei beste spelarane til Mjøndalen er deltidslønna og klubben har inntektstak.

- Mjøndalen er ein klubb med lang tradisjon og sunn økonomi, seier Leif Tsolis.

Osing på prøvespel i vår
Vegard Leikvoll Moberg blir ikkje den første osingen som prøver seg i Mjøndalen. Benjamin Holme, som spelte på Os før han i fjor gjekk tilbake til moderklubben Lysekloster, var på fotballskule på Mallorca for eit år sidan og trente med Mjøndalen i vår.

- Benjamin hadde ein periode med oss før han byrja på idrettshøgskulen. Holme gjorde det bra, spelte med rekruttlaget og fekk nokre treningar med A-laget.

- Men klubben ville satsa vidare på eigne talent som konkurrerte om plassen til Benjamin, så i haust gjekk han til Åssiden og no trur eg han har gått til Fjellhamar, seier Leif Tsolis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.