Vegard tilbake i gult

Vegard Leikvoll Moberg signerte onsdag morgon for OBOS-ligaklubben Bodø/Glimt.

Vegard Leikvoll Moberg signerte onsdag for Bodø/Glimt (foto: Bodø/Glimt)
Andris Hamreonsdag 22. mars 2017 10:36

Bodø/Glimt, som trass 30 poeng landa nest nedst i Tippeligaen i fjor, styrkar stallen med fleire nysigneringar den siste tida.

Onsdag morgon blei klubben samde med osingen Vegard Leikvoll Moberg om dei personlege vilkåra, og signerte kontrakt ut 2019-sesongen.

Debuterte mot nyeklubben

Leikvoll Moberg går frå Sogndal til Bodø/Glimt.

I Sogndal fekk han seks kampar og sat på benken i ti etter at han kom frå Åsane midt i sesongen. Eliteseriedebuten fekk han nettopp mot Bodø/Glimt, då dei to spelte 2-2 på Fosshaugane.

– Det passar meg bra å bidra til å spela opp ein klubb frå OBOS-ligaen. Sjølv om eg kjem frå Eliteserien er det ikkje nokon nedtur for meg å gå tilbake til OBOS-ligaen.

– Eg har ei god kjensle no. Det er godt når ting endeleg landar etter mykje uvisse. Eg har truen på at dette blir bra, seier Leikvoll Moberg til klubbens heimeside.

Fjerde på seks dagar

Leikvoll Moberg er den fjerde signeringa for nordlandsklubben på dei siste seks dagane. Torsdag signerte Thomas Drage ein toårskontrakt. Fredag signerte spanske Jose Angel Jurado De La Torre ein eittårskontrakt. Laurdag skreiv den brasilianske keeperen Ricardo Friedrich under ein eittårskontrakt.

– Eg veit det er ein storklubb, historisk sett. Klubben har ein stolt historie og gode tradisjonar. Når ein tenkjer på Eliteserien er Bodø/Glimt eit navn som kjem opp, og vi skal sørgja for at dei gjer det i realiteten òg, forsikrar midtbaneankeret med drakt nummer 6, som no blir gjenforent med gamletrenaren frå Åsane, Kjetil Knutsen.

Også sambygding, keeper Henrik Mjelva frå Søfteland, er i Bodø/Glimt. Mjelva fyller 19 år i år og har vore i Bodø sidan 2015.

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.