Lokal | 21. des. 2012

Vegvesenet vil kryssa fjorden

Ny rapport frå vegvesenet: No vil Terje Søviknes arrangera informasjonsmøte for kommunestyret i Os.

Vegvesenet vil kryssa fjorden
Eit av forslaga til bru over Bjørnefjorden. Ill: LMG Marin)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. des. 2012 11:50

I tilleggsutgreiinga til KVU for E39 Aksdal-Bergen, som er del av utgreiinga av ferjefri kyststamveg mellom Stavanger og Trondheim, skulle vore ferdig 1. november.

Les òg: E39-rapport er utsett

Det blei den ikkje, men rapporten, som ein del trudde kunne blitt unntatt offentleg innsyn, er no publisert på regjeringen.no.

I utgreiinga konkluderer Statens vegvesen med at midtre trasé, med bru frå Tysnes til Os (4c), er beste alternativ samanlikna med det andre alternativet dei sto igjen med, om Fusa (5b).

Årsakene er fleire:

• Midtre trase er raskare, med ein snittsfart på 90 km/t vil ein køyra frå Jektevik til Os på 28 - 30 minutt, medan turen om Eikelandsosen i Fusa vil ta 42-46 minutt.

• Kortare reiseveg gjev større samfunnsgevinst.

• Prisforskjellen er langt mindre no enn tidlegare utrekna, det blir 300 millionar kroner dyrare med midtre linje enn indre linje, mot 7 milliardar i førre reknestykke, i hovudsak grunna menga med tunnelar på indre trasé.

• Midtre trasé blir truleg cirka 1 år raskare å bygga.

Blant ulempene med midtre alternativ har vegvesenet tatt med eitt ekstra minusteikn meir enn på indre alternativ på nærmiljø/friluftsliv og kulturminne.

– No må vi førebu oss

– I utgreiinga konkluderer fagmiljøet med det som har vore sagt i haust, at midtre alternativ blir langt billigare å bygga en kva dei første reknestykka viste, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.

– Det er dessutan raskare å gjennomføra dette alternativet.

– No er spørsmålet, vil vi ha raskaste veg eller vil vi løysa ut det som er av areal i indre del av regionen. Dette blir det opp til politikarane å svara på i mars 2013.

Også politikarane i Os blir involvert, når vegen skal regulerast gjennom Os, anten den kjem i land med bru frå Reksteren eller Fusa.

– No må vi setja oss grundigare inn i saka. Det første eg vil gjera er å invitera vegvesenet til Os for å informera kommunestyret.

– Dette kan også bli ei sak som kommunestyret skal få opp til behandling, seier Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.