Carl Otto Curran, Thea Hauge og Daniella Johannesen utgjer 3/4 av juniorgruppa til Os Bridgeklubb. No håper dei på fleire å spele med (foto: Andris Hamre)

Veksande bridgemiljø blant unge

Frå ein til fire juniorar på to år. No satser bridgeklubben mot ungdom og inviterer til samling på biblioteket.

image
image
Av: Andris Hamre

I seks år var Thea Hauge den einaste ungdommen som spelte bridge i Os bridgeklubb. Rundt ho sat stort sett godt vaksne, gamle nok til å vera både foreldre og besteforeldre.

Kanskje ikkje så rart, når det var far som rekrutterte ho inn i bridgesporten, som har bragt ho land og strand rundt i inn og utland som medlem av det norske jentelandslaget i bridge.

I dag er situasjonen litt annerleis i brigdeklubben når dei møtast til den faste spelerunda måndag ettermiddag i eldresenteret.

– Bridge er gøy

På bordet til Thea har ho fått selskap av to andre ungdommar, Daniella Johannesen (spelt eit halvår) og Carl Otto Curran (spelt i to år). I tillegg er Ariel Johannesen eit fast innslag, men nett denne kvelden er ho oppteken med skuleframsyning på Nore Neset ungdomsskule.

– Det er kjekt at vi har blitt fleire. Bridge er gøy fordi du heile tida blir utfordra og lærar noko nytt. Nettopp det å oppleve utvikling og at ein stadig blir betre er noko av det kjekkaste, fortel Thea.

– I tillegg har jo eg fått moglegheiten til å reise rundt i verda og i Noreg, og møte mange gode spelarar, legg ho til.

Inviterer til kurs

Også Daniella og Carl Otto innrømmer at dei ikkje entra bridgelokalet heilt på eigenhand.

– Stefaren min speler bridge, så det var han som drog meg med for omlag eit halvt år sidan, fortel Daniella.

– Slik var det med meg òg. Det var stefaren min som lurte på om eg ikkje hadde lyst å prøva, supplerer Carl Otto.

No håpar dei tre ungdommane å få selskap av enno fleire unge. 27. og 28. februar inviterar nemleg bridgeklubben til kurs/samling for ungdom i biblioteket.

– Ein treng verken ha foreldre som spelar bridge, eller ha spelt det før for å vera med på kurset. Det er berre å melde seg på og møte opp, fortel Thorild Rasmussen, ei av dei som skal vera instruktør.

Sosial konkurranse

Ein liten fordel er det dog om ein likar å spele kort.

– Bridge er ikkje så ulikt mange andre kortspel, som i amerikanar handlar det å ta fleire stikk og plukke fleire poeng enn det dei du spelar mot gjer. Du spelar vanlegvis på lag med ein annan og konkurrerer mot alle dei andre laga i lokalet, ikkje berre dei du sit på bord med.

– Det er utruleg sosialt å spele og det skal vi freiste å la ungdommane få oppleva i kurshelga. Det blir ikkje berre bridge, vi skal sørgje for at det blir litt konkurransar med premiar, servera pizza og brus, og ellers gjera vårt for at det blir to trivlege dagar, lovar Rasmussen.

Juniorleir i Fredrikstad

Dei tre ungdommane fortel at ungdomskurset i slutten av månaden ikkje er den einaste samlinga juniorane planlegg å delta på i år.

- Kvart år blir det arrangert ei nasjonal samling for juniorane. I år er det i Fredrikstad, kor omlag seksti juniorar frå 8 til 25 år er samla.

– Desse samlingane er utruleg kjekke. Håpet er jo at vi kan bli ein god gjeng frå Os som reiser saman.

Fleire saker