Næringsliv | 30. jan. 2010

Vekst i kriseår

Fjoråret starta dårleg for Alutec AS, men rekordhøgt tilsig av nye kundar skapte overraskande god omsetnad.

Vekst i kriseår
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. jan. 2010 09:13

Bildeserie:

1 av 1

Frå 2003 til 2007 dobla Alutec sin årslege omsetnad, 2007 blei eit rekordår med nesten 74 millionar rkoner i omsetnad og eit årsresultat på over 21 millionar kroner. 2008 blei noko svakare, med omsetnad på 62 millionar, om lag det same som i 2006.

- 2009 starta dårleg. Finanskrisa var tøff for oss som jobbar utan ordrereserve, det vi presterer frå dag til dag avgjer om vi har nok arbeid, seier Espen og Knut-Jarle Aspenes.

Permitterte
Finanskrisa ramma næringslivet hardt i 2009, spesielt bygge- og anleggsbransjen, som opplevde ein generell nedgang på 12 prosent.

I mars valte bedrifta for første gong å permittera. Fem av dei tilsette måtte gå, i utgangspunktet til forventa sesongoppsving seinare på våren.

- Oppturen kom i april, så dei permitterte trengte ikkje å venta til 10. mai som varsla, vi var i full produksjon igjen i månadsskiftet april-mai.

Alutec måtte låna seks personar som var permitterte frå nabobedrifta ARKA.

2009 enda med omsetnad på 64 millionar kroner. No har bedrifta tru på at 2010 kan bli eit rekordår.

Velluka satsing
Brørne Aspenes trur god fagkunnskap og unike medarbeidarar står for store delar av suksessformelen.

- Vi bestemte oss tidlig i finanskrisen for å satsa, vi ville halda fram med å vera marknadsleiar når krisa var over. Det har vi klart, sjølv om marknaden ikkje er heilt friskmeldt enno.

- Gjorde de nokre grep i løpet av 2009 som viste seg å vera vellukka?

- Eg trur vi har blitt flinkare å kommunisera med marknaden. Vi brukte ein del pengar på ny heimeside, og annonserte meir offensivt enn før.

Tar marknadsandelar
Arbeidsløysa i Noreg auka med 31 prosent i fjor og sysselsetjinga er venta å gå nedover også i 2010. Men Alutec starta året med å tilsetja tre nye i produksjonen.

- Vi trur 2010 blir eit endå betre år enn 2009. I februar skal vi på båtmessa i Arenum med bryggekonseptet, som hadde relansering i fjor, og blei godt mottatt. Til hausten skal vi på byggmesse i Trondheim med stillas, som framleis er vår viktigaste varegruppe.

Vanlege år har Alutec eit tilsig av nye kundar på 30-40 prosent, i 2009 var dei oppe i 48 prosent.

- Årsaka til den gode omsetnaden i kriseåret er nok at vi har vunne marknadsandelar, det vil nok også rekneskapstala for dei andre i bransjen visa når dei blir publiserte i august. Fleire konkurrentar har fortalt oss om stor nedgang i fjor, seier Espen Aspenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.