Kultur | 17. mai 2010

Velkome comeback

Verken musikarar eller publikum skuffa då gode jazztradisjonar kom tilbake til 17. maifeiringa i Os.

Velkome comeback
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. mai 2010 20:56

Bildeserie:

1 av 8

I 2006 fekk vi høyra Osøren Jazzensemble spela konsert under 17. maifeiringa etter gamalt, den gong på Opus.

Tradisjonen med jazz etter tog og talar på Kyrkjeflaten kjenner vi best frå Mobergsvikjo, i dag var Osøren Jazzensemble tilbake, denne gong om bord på MS Midthordland, som låg til kai i enden av gjestebrygga.

- Vi har hatt godt besøk frå vi opna, eg trur vi selte rundt 500 tallerkar med rømmegraut, seier Espen Aspenes frå Det Midthordlandske Dampskibsselskab AS.

Full båt
Midtsiden var om bord om lag ein halvtime etter opninga, og då var båten meir eller mindre full. I 17.30-tida var vi tilbake, og då hadde Osøren Jazzensemble saman med vokalist Tone Linn Mjånes samla 150 gjestar.

- No ligg vi berre til kai i dag, men skulle vi gått frå land hadde dette vore full båt, seier Knut Jarle Aspenes.

- Dette var veldig kjekt! Vi har fått mange fine tilbakemeldingar, om folk som seier dei har sakna dette. Og vi ser at det er fleire ansikt vi kjenner igjen frå konsertane i Vikjo. Folk som gjerne ikkje går på ein jazzkonsert på kveldstid, men som liker dette opplegget 17. mai, seier Geir Mildestveit frå Osøren Jazzensemble.

Fleire gongar?
Konserten var, som tidlegare i Vikjo, gratis. Den burde kosta nokre kroner, slik at arrangørane var endå meir sikker på at tradisjonen kan haldast liv i framover.

- Det ser bra ut med publikumstal, så får vi sjå når kvelden er over, kor godt sal av mat og drikke vi har hatt. Eg håper og trur at dette er noko vi kan gjera igjen, seier Espen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.